«Kunnskap for framtida»

Journalistikk

Journalistutdanninga i Volda passar for samfunnsinteresserte studentar med engasjement, som vil utdanne seg i eit spanande fagmiljø.

Høgskulen i Volda har utdanna journalister til den norske mediebransjen sidan 1971, og journalistutdanninga i Volda har gjennom åra blitt kjend som ein av landets fremste utdanningar innan journalistikk. Mange av dei mest kjende journalistane i Noregs mediebedrifter er utdanna i Volda, og dette er kanskje med på å oppretthalde det gode samarbeidet mellom høgskulen og den norske mediebransjen.

Journaliststudentane lærer om og får øving i journalistisk arbeid, og vel spesialisering innan fjernsyn, radio eller avis der dei blant anna har internpraksis. I praksisperioden vil studentmedia Radio Volda, Næravisa, Nærnett og Nærsynet vere i produksjon, og studentane dekkjer nyhende i Volda på lik linje med andre lokale mediebedrifter. Alle studentane får i tillegg omfattande praksis i nettjournalistikk, samt praksis i ei ekstern mediebedrift.

Det fins mange studentorganisasjonar ved Høgskulen i Volda, og fleire av desse er svært aktuelle for journaliststudentane. I skuleavisa Peikestokken kan studentane prøve seg som blant anna redaktør, journalist og fotograf. Denne moglegheita får dei også ved å engasjere seg i Student-TV på nett eller i Volda Studentradio. Journaliststudentane har også ein eigen studentorganisasjon som er ein del av fagforbundet Norsk Journalistlag, som er ein onik moglegheit for å knytte kontaktar. Det kan også vere aktuelt for journaliststudentane å bli medlem av PR-studentane, som tek kommunikasjonsoppdrag frå eksterne oppdragsgivarar. Her trengs også journalistar med ein skarp penn.

Det arrangerast også fleire festivalar og arrangement i Volda der det trengs journalistisk arbeid, som til dømes Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, ekstremsportfestivalen X2 og VEKA. Også Studenthuset Rokken har fleire verv der det trengs journalistiske kunnskapar.

Les meir i studiekatalogen.