«Kunnskap for framtida»

Dokumentar og journalistikk

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda har gjennom åra blitt kjend som ein av landets fremste utdanningar innan journalistikk. I tillegg til bachelorgrad i journalistikk, tilbyr høgskulen no også mastergrad i dokumentar og journalistikk.

Mastergradstudiet i dokumentar og journalistikk skal gi studentane kompetanse til å arbeide med kritisk og undersøkjande journalistikk og dokumentarfilm. I denne mastergraden tar studentane ulike emne innan journalstikk og dokumentarfilm, og det er mogleg å dra på utveksling i eit semester.

Det fins mange studentorganisasjonar ved Høgskulen i Volda, og fleire av desse er svært aktuelle for mastergradstudentane. I skuleavisa Peikestokken kan studentane prøve seg som blant anna redaktør, journalist og fotograf. Denne moglegheita får dei også ved å engasjere seg i Student-TV på nett eller i Volda Studentradio. Journaliststudentane har også ein eigen studentorganisasjon som er ein del av fagforbundet Norsk Journalistlag, som er ein onik moglegheit for å knytte kontaktar. Det kan også vere aktuelt for journaliststudentane å bli medlem av PR-studentane, som tek kommunikasjonsoppdrag frå eksterne oppdragsgivarar. Her trengs også journalistar med ein skarp penn.

Det arrangerast også fleire festivalar og arrangement i Volda der det trengs journalistisk arbeid, som til dømes Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, ekstremsportfestivalen X2 og VEKA. Også Studenthuset Rokken har fleire verv der det trengs journalistiske kunnskapar.

Les meir i studiekatalogen.