«Kunnskap for framtida»

Animasjon

Animasjonsutdanninga i Volda passar for kreative personar som er interessert i animasjon, og som er motiverte til å arbeide med det.

Studentane lærar ulike teknikkar innan animasjon, og korleis ein brukar disse animajsonsteknikkane i ulike media. Dette kan til dømes vere fjernsyn, film, web og dataspel. Animasjonsstudentane lærar også produksjonsprosessen, og korleis ein regisserer ein animasjonsfilm.

Høgskulen har eit godt og nært samarbeid med animasjonsbransjen i både inn- og utland, og slik kan studentane nytte høvet til å knytte kontakt med bransjen. Ein ser også det gode samarbeidet mellom høgskulen og fagfolk på gjestelista til animasjonsfilmfestivalen Animation Volda, der mange av gjestane er kjende animatørar. Festivalen blir arrangert av animasjonstudentane kvart år, og nokre av måla til Animation Volda er å danne utdanningsmoglegheiter samt å vere underhaldning.

I studentorganisasjonane ved Høgskulen i Volda kan ein få vist sine animasjonskunnskapar. Animasjonsstudentar kan til dømes lage illustrasjonar til blant anna skuleavisa Peikestokken og Volda Studentradio, noko som fleire studentar innan faget har gjort tidligare. Student-TV og PR-studentane treng også folk med kunnskapar innan grafikk og design, enten ein er fast medlem i organisasjonane eller berre trengs ved enkeltoppdrag. Ved å vere i ein eller fleire organisasjonar kan ein knyte relasjonar til studentar på andre fagområde, både i skulesamanheng og sosialt.


Les meir i studiekatalogen.

Her er nokre filmar laga av tidligare studentar ved animasjonslinja på Høgskulen i Volda.
Love the taste of electricity 
(Av Ana Stefaniak, utveksling 2. året) 
DOKFILM intro 2010 (Av Clemence Catelot, Marion Le Guillou, og Tor Christian Engdal, spesialisering 2. året) 
Musikkvideo: Kvelertak - Blodtørst (Av Torjus Førre Erfjord, bachelorproduksjon)
Lovestory (Av Mattias Hattrem Olesen, Martin Anmarkrud, Cecilie Helen Edvardsen og Adrian Kaxrud, Digital cut-out. After Affects. 1. året.)
SAIVA
 (Av Tuva Synnevåg, bachelorproduksjon)

 
Showreel for animasjonslinja ved Høgskolen i Volda. Filmsnutten tar deg med semester for semester, kurs for kurs, gjennom programmet for bachelor utdanninga.

 

1 semester: Kurs i Grunnleggande Prinsipp.

 

3 semester: Introduksjon til dukkelaging og stop motion-animasjon.

 

 

3 semester: Introduksjon til 3D animasjon og modelering i Maya.