«Kunnskap for framtida»

Velkomen til musikkseksjonen

Som musikkstudent i Volda får du ei solid og allsidig musikkutdanning i eit godt og aktivt miljø. Ein unik kombinasjon av praktisk musikkutøving, teoretisk utdanning og fagdidaktikk gir gode musikklærarar til grunnskulen og kulturskulen.

Musikkseksjonen har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon, hovudinstrument og musikkdidaktikk, og fleire av oss er utøvande musikarar.

Den vidkjente komponisten, Prof. Magnar Åm, leiar eit spennande fordjupingsstudium i komposisjon. Dette er eitt av 12 ulike emne som utgjer Bachelorgraden i musikk.
Magnar Åm er også ansvarleg for dei tverrfaglege masteremna Å skape meining og Playful truth-approach.

Studium ved Seksjon for musikk er Bachelor, Årsstudium, Inn i musikken, Musikkundervisning for barn og unge og Musikk fordjuping.

Møt ein student og få Innblikk i studiekvardagen.

Her kan du lese om Symfoniorkesteret ved Høgskulen.

Sjå klipp frå Bachelorkonsertane i 2014:

Kontaktperson: Svein Hunnes, sveinh@hivolda.no , Tlf: 70075289