«Kunnskap for framtida»

Kystfriluftslivbasen på Yksnøya

Fagmiljøet i Idrett og friluftsliv har ansvar for drift og vedlikehald av kystfriluftslivsbasen på Yksnøya, både  naust, båtar, telt og hamner. Fagmiljøet legg også til rette for utleige av dette til barnehagar, skuleklasser, folkehøgskular og vidaregåande skular.
Kart over Yksnøya og området rundt finn du her

 

Open dag på Yksnøya

Samarbeidsprosjektet «Open dag Familieopplegg» på Yksnøya vart til mellom Bjørkedal kystlag, Naturvernforbundet-Volda/Ørsta og HVO-Seksjon idrett og friluftsliv, og vart gjennomført som planlagt søndag 7. juni. Dagen var bidrag til markering av «Friluftslivet År 2015» og «Kystens Dag»Det vart ikkje gjort opptelling av antal deltakarar, men estimatet går på at det møtte i underkant av 100 personar.

Gjennomføringa av «Open dag Familieopplegg» går inn som eitt av fleire forsøk på bruk av Basen. Vi prøver ut ulike typar arrangement med dei rammene som Basen kan by på, det vere seg øya/fjøra/fjorden, naustet, uthuset, hamneanlegget og båtane, samt kulturlandskapet.

Under kan du sjå bileter frå «Open dag Familieopplegg».

Yksn1x.JPG

Yksn3x.JPG

Yksn4x.JPG

seglseminar

Bjørkedal kystlag i Volda gjennomførte seglseminar på Høgskulen sin base på Yksnøya.
Les meir om det her.

Seglbat_620.jpg

Bok om Yksnøya

Frode Sætre, høgskulelektor i kroppsøving ved HVO, har skrive bok om Yksnøya.
Les meir om boka her