«Kunnskap for framtida»

Friluftsliv

Høgskulen i Volda har lang erfaring med å tilby høgskuleutdanning i friluftsliv. Med den vakre naturen på Sunnmøre har vi eit unikt "klasserom".  Undervisninga foregår mellom bratte tindar i Sunnmørsalpane, i Volda sitt nærmiljø, i t.d.  nære nasjonalparkar som Jostedalsbreen og Reinheimen, i vakker fjordnatur og ute ved kysten. Døme på undervisningsplassar i nærmiljøet er Standalhytta og kystbasen vår på Yksnøya.


BACHELOR FRILUFTSLIV 

Frå hausten 2013 kan vi tilby ei eiga bachlorutdanning i friluftsliv.

Som bachelorstudent i friluftsliv får du vere med på allsidige
aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Sunnmørsnaturen
er ei kraftfull ramme rundt undervisninga og opplevingane.
Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både
teoretisk og praktisk. Du skal tileigne deg kunnskapar, haldningar og
dugleikar i friluftsliv. I friluftsliv vil teori og praksis følgje
kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle
årstider.

Les om studentane sine forventningar før avreise til Svalbard

Sjå NRK-innslag frå friluftslivstudiet på kurs i vårt lokale fjell og fjordområde 

Forskning på skred

Sjå film frå Sunnmørsalpane: