«Kunnskap for framtida»

Formgiving, kunst og handverk

Velkomen som student ved Formgiving, kunst og handverk i Volda

Seksjon for Formgiving, kunst og handverk i Volda byd i hovedsak desse utdanningane: Bachelor i Kunst og handverk og Årsstudium i Kunst og handverk. Hos oss møter du mange ulike emne, som til dømes Visuell kommunikasjon, Funksjonell design, Kunst - skaping og formidling, Arkitektur og Objekt i rom.

Vi har 8 ulike verkstadar som er døgnopne, alt frå proff maskinpark i sløydverkstaden til ny digital programvare.

Ved Formgiving, kunst og handverk får du mellom anna utvikle deg innanfor kreativt arbeid, bli fortruleg med dine eigne skapande prosessar og arbeide med formidling. Vi utdannar også førskulelærarar og grunnskulelærarar.

Les meir om tilboda til Formgiving, kunst og handverk under studietilbod.

Følg oss på Facebook 

Følg oss på Instagram "kunstoghandverkvolda"

Presentasjon som viser kva Formgiving, kunst og handverk går ut på:
Pdf-fil

Kontaktperson: Karen Brænne Tlf:  70075329