«Kunnskap for framtida»

Ketil Grøtting

Ketil_Grotting_Foto_Stian_Raa_maxi.jpg

Ketil Grøtting har utdanning i musikkvitskap, historie og idéhistorie frå Universitetet i Oslo og hovudfag i korleiing frå Norges Musikkhøgskule. Han har jobba i 16 år som kordirigent og songar i hovudstaden, mellom anna som dirigent for Oslo domkirkes ungdomskor, som dirigent for barokkoperaer og som songar i Det norske solistkor.

Ketil er ein allsidig musikar som trivs med musikk frå Latin-Amerika til Mongolia, og frå tidlegare epokar til i dag. Han har òg komponert musikk til danseførestillingar og samarbeida med unge regissørar og dramaturgar.

Her i Volda arbeider han som høgskulelektor ved Seksjon for musikk på Avdeling for kulturfag, og underviser mellom anna i song og piano.

No som Ketil har kome til Volda håper han å få dyrka si interesse for fjell og natur, og kome seg på mange fine turar i det mektige sunnmørslandskapet. På regnversdagar kan han sjå på ein gamal, god film, gjerne i svart-kvitt frå Italia eller Japan! 

Kontaktinformasjon
Ketil Grøtting