«Kunnskap for framtida»

Dag Erik Wold

Dag Erik Wold 

Dag Erik held til på seksjon for idrett og friluftsliv. Han har hovudfag i idrett/friluftsliv frå Norges idrettshøgskole, og har gått to år på natur, kultur og friluftslivsveiledningsstudiet på Høgskolen i Telemark.

Tidlegare har han jobba 7 år som friluftslivslærar ved Valdres Folkehøgskole.

Fagleg brenn Dag Erik for møte mellom menneske og natur, friluftsliv og naturopplevingar som viktigaste folkehelsesatsing.

På fritida går han aller helst på tur i skog og fjell med kona og barna. Snik seg langs elva med fiskestanga. Padlar kajakk eller kano. Tar ein kaffikopp i kveldssola. Men han opplever også gjerne kontrastane til storslått natur med kortare reiser til urbane stadar og storbyar.

 

Kontaktinformasjon
Dag Erik Wold