«Kunnskap for framtida»

Studietilbod

 

Ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag får du undervisning i emner på alle nivå frå examen philosophicum til mastergrad. Emna passar for dei som ynskjer grunn- og etterutdanning, fordjupning, samt dei som kan tenke seg eit fullt studieløp i religionsfag til og med masternivå.  Vi tilbyr årsstudium i RLE, bachelor i religion og livssyn, og etterutdanning og fordjupning for lærarar. I samarbeid med Historisk institutt organiserer vi også det tverrfaglege masterstudiet i Kulturmøte. Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskule og vidaregåande skuleslag.

Årsstudium i RLE  - campusstudium eller nettstudium
Årsstudiet er ei innføring i kristendommen og andre religionar og livssyn. Studiet gir oversikt over det som høyrer med i det kulturelle og religiøse mangfaldet i vår tid. Ein kan ta studiet både på vanleg måte på høgskulen, og som nettstudent. Ein kan ta det på heil. eller deltid. På campusstudiet legg vi vekt på variert undervisning både i klasserom og med ekskursjonar i inn – og utland.

Bachelor i religion og livssyn
Er du interessert i religion og kunne tenkje deg å undervise i dette ? Då kan dette studieprogrammet vere noko for deg.  Her får du høve til å fordjupe deg i religionsfaglege problemstillingar i vår kursportefølje og i eit sjølvstendig arbeid.  Då religion er nært knytt til historie og språkfag passar desse svært godt som støttefag. Programmet dannar eit godt og naturleg grunnlag for opptak til Masterstudiet i Kulturmøte. 

Fordjupingsstudium i RLE - campusstudium eller nettstudium 
Fordjupingsstudiet tek sikte på ei grundigare innføring i delar av årsstudiet, og danner ein basis for videre masterstudium, t.d. kulturmøte. Fordjupningsemna går både som campusstudium og som nettstudium, og kan takast på heil- eller deltid. Emna er: Spiritualitet før og no , Livssynsmarknad og livssynsdebatt og Fordjupningsoppgåve i religion og livssyn. 

Masterstudiet i Kulturmøte
Globaliseringa gjer at menneske med ulik religiøs og kulturell bakgrunn stadig får fleire kontaktpunkt. Men korleis vi skal forstå dette er ikkje alltid like klart og enkelt. Er du interessert i sambandet mellom religion, kultur og politikk, eller i møtet mellom religionar og kulturar i historie eller samtid? I dette studiet får du både teoretisk innsikt i tema som dagleg dukkar opp i mediebiletet og ein nøkkel for å forstå dei utfordringane eit fleirkulturelt samfunn står ovanfor.

Examen philosophicum
Examen philosophicum (populært kalla “exphil”) er eit 10 stp emne som er samansett av filosofi- og vitskapshistorie, allmenn etikk og litt vitskapsfilosofi med logikk. Emnet er obligatorisk i mange bachelorløp. Og er det ikkje obligatorisk, så er det i alle fall nyttig å få med seg i ei bachelorgrad. Dersom ein tek ein mastergrad, vil det som regel vere eit krav at bachelorgraden ein bygg på, har inkludert exphil eller at exphil er teke i tillegg. Dei fleste mastergrader inkluderer nemleg eit kurs i vitskapsfilosofi som bygg på exphil. Ved Høgskulen i Volda er det Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag som tilbyr exphil. Vår exphil vert normalt godkjend ved dei andre universiteta og høgskulane i Noreg.