«Kunnskap for framtida»

Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

 

Instituttet er knytt til avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL). Kontora våre finn du i Synnøve Riste-huset i 3. etasje.

Vi er 14 tilsette, og er såleis det største av sitt slag i høgskulesektoren i Noreg. Vi representerer ulike faglege tyngdepunkt: mellom anna teologi, religionsvitskap, idéhistorie, filosofi og religionsdidaktikk. Dette mangfaldet speglar også breidda i studietilboda.

Instituttet tilbyr fylgjande program og emne:

  • Examen Philosophicum (EXP100)
  • Årsstudium i RLE (REL111, REL112, REL113 og REL116), både campus og nett
  • Fordjupning i RLE (REL206, REL207 og REL212), både campus og nett
  • BA i religion og livssyn (med støttefag, t.d. historie, nordisk eller engelsk)
  • Master i kulturmøte (i samarbeid med Historisk institutt)
  • RLE i profesjonsutdanningane (Barnehage, grunnskule og PPU)

Instituttet samarbeider med fleire institusjonar i utlandet. Vi arrangerer mellom anna årlege ekskursjonar til Redbridge teacher's Centre i London for å studere religionsundervisning i fleirkulturell kontekst.

Instituttet har eit aktivt forskarmiljø, med eigen skriftserie Kyrkjefag profil. Instituttet fekk FoU-prisen i 2013. Ein oversikt over de tilsette og forskingsprosjekta, se liste over alle tilsette. For forskningsgrupper ved instituttet, sjå her.