«Kunnskap for framtida»

Kyrkjeleg arbeid

Ill. foto

Kyrkjeleg utdanning

Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har lang tradisjon med å tilby utdanning og kompetanseheving for kyrkjeleg tilsette. Vi har eit fleksibelt utdanningstilbod. Du kan velje å studere på deltid eller heiltid. Som student ved Høgskulen i Volda (HVO) kan du velje tradisjonell undervisning, samlingsbasert undervising eller vere nettstudent utan noko oppmøte i Volda. Vi har mange ulike tilbod.

Årsstudium i religion, livssyn og etikk (RLE)

Dette gir 60 stp. RLE som kan brukast både i skule og kyrkje. Årsstudium i RLE blir gitt med undervisning i Volda, men vi har og ein variant der all undervisning er nettbasert. Emna Bibelen - tekst og tolking og Tru og tradisjon kan innpassast som ein del av årsstudium i kyrkjeleg undervisning. Årsstudiet i RLE kvalifiserer òg for vidare teologisk utdanning.

Årsstudium i kyrkjeleg undervisning

Dette studiet gir 30 stp. kristendom og 30 stp. pedagogikk, og det oppfyller krava til tittelen menighetspedagog. Studiet har om lag fire dagar undervisning fordelt på to samlingar per emne. Mesteparten av undervisninga skjer over Internett. Studiet er eit samarbeid mellom HVO, Det teologiske fakultet og Det praktisk-teologiske seminar. Det er utvikla i kontakt med KFUK-KFUM og er spesielt tilpassa studentar som er i arbeid i kyrkja eller kristne organisasjonar. Det er muleg å ta heile årsstudiet, eller berre dei emna du treng. Opptakskrav er allmenn studiekompetanse. Viss du manglar dette, kan du sende oss ein søknad om vurdering av realkompetanse, dvs. tidligare arbeid og praksis.  

Nettbasert bachelorgrad ved HVO

Årsstudia i RLE og i kyrkjeleg undervisning kan byggjast vidare til ein bachelorgrad i religion og livssyn ved HVO eller ein bachelorgrad i kristendom, kultur og læring ved Det teologiske fakultet og HVO. Vi tilbyr ulike fordjupningsstudium i RLE som er relevante for kyrkjeleg tilsette. Emna spiritualitet før og no, livssynsmarknad og livssynsdebatt og fordjupningsoppgåve i religion og livssyn er alle på 15 studiepoeng, og kan brukast som kvalifisering for mastergrad i kyrkjeleg undervisning.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon:

  • Kjartan Leer-Salvesen, leersalv@hivolda.no, 70 07 54 30

Prosjektleiar for årsstudium i kyrkjeleg undervisning ved HVO

  • Bente Afset, ba@hivolda.no, 70 07 51 07

Leiar for Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

Vi deler informasjon, tips og idear på:

https://www.facebook.com/hivoldaRLK

https://www.facebook.com/filmogformidling

Stine Erica Høydalsvik

Stine Erica Høydalsvik tok årsstudium i religion og livssyn. Les intervju