«Kunnskap for framtida»

Grunnutdanning og vidareutdanning for lærarar

 Skuleklasse

Kunnskap om religion og livssyn er viktig for alle som har med menneske å gjere. Etter ”hovudfaga” norsk og matematikk er KRLE (saman med kroppsøving og kunst og handverk) mellom dei andre store faga i barneskulen.

Men kompetanse på området handlar ikkje berre om å kunne undervise i KRLE-faget. Det handlar like mykje om å forstå bakgrunnen til elevane og å kunne møte kvar einskild på ein respektfull og god måte – i alle fag så vel som i planlegging og gjennomføring av skuleturar, avslutningsfestar og foreldresamtalar.

KRLE er ikkje eit obligatorisk emne i grunnskulelærarutdanninga. Då vert det enn viktigare å få med slike emne i den valfrie delen av utdanninga. Det norske samfunnet vert år for år meir fleirkulturelt og multireligiøst. I alle delar av skuleverket er det difor stort behov for profesjonelle lærarar med kunnskap og innsyn i religionar og livssyn.

Les meir om fagtilbodet og om yrkesutdanningane grunnskulelærar 1-7,  grunnskulelærar 5-10 og vidareutdanning for lærarar.

 

Fordi det er eit viktig fag i skulen

Birthe Molvik Bjerkan

Det seier Birthe Molvik Bjerkan då vi spør ho kvifor ho har valt å studere emnet Religion og livssyn hausten 2010.

Birthe går det tredje året i lærerutdanninga og fekk lyst til å lære meir om religionar og livssyn då ho fekk ein smakebit på det det fyrste året ho gjekk i lærarutdanninga.

Faget er interessant i seg sjølve, men ho trekk og fram engasjerte lærarar og Londonturen som to ting ho set stor pris på.

– I London fekk vi sjå ting med eigne augo, og det var lærerrikt, fortel ho.

Londonturen er eit tilbod studentane får i  Religion og livssyn. På denne turen vitjar ein skular med religiøst og kulturelt stort mangfald og religiøse bygg som til dømes hindutempel, moske, koranskule og siktempel.