«Kunnskap for framtida»

Pris

Deltakaravgifta er no fastsatt til 800 kroner per deltakar.

Sidan vi har fått inn ein del sponsormidlar vert deltakaravgifta 800 kroner. Takk til sponsorane. Denne prisen inkluderer mellom anna  kost og losji frå måndag til onsdag (to overnattingar, tre lunsjar, to middagar og to frukostar). For dei som berre har ei overnatting vert prisen 500 kroner (ei overnatting, to lunsjar, ein middag og ein frukost).

Vi gjer merksam på at deltakaravgifta må betalast ved utsjekking (altså direkte til hotellet, bruk gjerne kredittkort). Om ønskeleg så kan hotellet sende faktura, men dette må den enkelte deltakar (eller institusjon) avtale direkte med hotellet før konferansa startar.

Vi gjer merksam på at det er mogleg å bestille ekstra netter på hotellet, men dette må de sjølv ordne direkte med hotellet. Vi har fått følgande pristilbod: 

  • Søndag til måndag (prisen inkluderer opphald med middag søndag og frukost måndag):
    • pr person i enkelt medium rom kr 1050,-
    • pr person i dobbelt medium rom kr 890,-
  • Fredag til måndag (prisen inkluderer opphald med middagsbuffè fredag, frukost og middagsbuffè laurdag og søndag og frukost måndag):
    • pr person i enkelt medium rom kr 4210,-
    • pr person i dobbelt medium rom kr 3450,-