«Kunnskap for framtida»

Utflukt med båt inn Geirangerfjorden

I år vert det ei unik utflukt. Vi startar med buss i Ålesund, som tar oss inn til Stranda. Her vil vi gå over i båt, og det vert då guida båttur vidare innover mot Geiranger. Deltakaren vil få oppleve tre fjordar, den eine meir spektakulær enn den andre: Storfjorden, Synnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Fjord 1 skryt av at ferjeturen Valldal - Geiranger er verdast vakraste ferjecruise, dette ferjecruiset går akkurat gjennom desse tre fjordane som også vi skal inn gjennom. Verdas vakraste ferjecruise

 

Turen går gjennom eit område som er på UNESCO si verdsarvliste, og du vil kunne sjå mektig natur og verte forundra over dei mange små fjellgardane som klorar seg fast opp etter bratte fjellsider. Ein vil også få oppleve mektige fossefall, her i blant vil ein kunne sjå fossane "De syv søstre" og "Friaren". 

 

Meir informasjon finn du her: Wikipedia


Vis Geriangerfjorden i et større kart