«Kunnskap for framtida»

Reise

Oppstart:
Vi opnar konferansa måndag 19.09.2011 klokka 12.00 i Ålesund på Vandrarheimen, Parkgata 14 (sjå kart lenger nede), forut for dette vert det registrering og lunsj frå klokka 11.00. Vi reiser til Geiranger (buss til Stranda og båt inn Geirangerfjorden) om lag klokka 15.00, frå kaia i Geiranger vert det ein kort spasertur opp til Hotell Union, der vi skal vere resten av konferansa. 

Avslutning:
Konferansa vert avslutta torsdag 22.09.2011 med fellesstransport frå Geiranger til Ålesund lufthavn, Vigra, slik at ein når fly frå og med klokka 17.20.

Om nokon tenker å reise med tog heim igjen, so er det ein moglegheit at fleire går saman i ei gruppe og leiger ein maxitaxi til Åndalsnes (vi set ikkje opp noko felles transport her). Denne turen tar litt over ein og ein halv time. Det vil då vere moglegheit for å nå toget som går frå Åndalsnes i retning Oslo eller Trondheim klokka 16.35 (med forbehold om at rutene kan verte endra).

 

 
Vis Ålesund Vandrarheim i eit større kart