«Kunnskap for framtida»

Program

 

Hovudforedragsholdarar:

Morten Blomhøj (Universitetet i Roskilde): Udvikling af modelleringskompetence - en didaktisk udfordring i almendannende matematikundervisning
Professor Helge K. Dahle (Universitetet i Bergen): Matematikk som kan forlenge oljealderen
Dr. Sylfest Glimsdal (NGI): Tsunami generert av skred fra Åknes – matematikk i praktisk bruk
Gunnar Stave (Høgskulen i Volda): Ny rammeplan FLU 


Symposium: Klasseromsforsking
Odd Tore Kaufmann 
Mary Billington
Arne Kåre Topphol
Frode Opsvik og Leif Bjørn Skorpen

Meir informasjon kjem seinare. 

Parallellsesjonar: 

Som vanleg vert det lagt opp til at deltakarane melder seg på med parallellsesjonar. Desse parallellsesjonane er tenkt allsidig, og ein kan få melde seg på med eit innlegg som ein trur det er av interesse for resten av deltakarane og få med seg. Dette kan vere alt i frå eit foredrag om eit meir matematikkfagleg tema til presentasjonar frå eige FOU arbeid. 

FOU-grupper:

Vi vil også i år satse på å setje av ein del tid til arbeidet med FOU-grupper. Her er som tidlegare tanken at ein skal kome saman i mindre grupper og få diskutere dei FOU-arbeida som ein er opptatt av og få idear til arbeidet vidare. Her er det vekt på uformelle presentasjonar og gode diskusjonar av pågande FOU-arbeid og eventuelle idear ein måtte ha. 

Utdanningsmøte:

Utdanningsmøta vil også få sin plass på årets konferanse, her kan dei som er knytt til dei ulike lærarutdanningane kome saman og diskutere dei ulike lærarutdanningane og dei utfordringar ein måtte ha.