«Kunnskap for framtida»

PPU - Praktisk pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning  (PPU) for allmenne fag, heiltid, 60 stp
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag, deltid, 60 stp
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for yrkesfag for trinn 8-13, deltid

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er for deg som har tatt ei fagutdanning med skulerelevante fag, og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte lærar innan allmenne fag på ungdomssteget eller i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for arbeid på mellomsteget.

Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag er først og fremst for deg som har tatt ei yrkesretta utdanning og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte yrkesfaglærar i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgre utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for. Vi ved Høgskulen i Volda er opptekne av at vi skal tilby ei relevant og god lærarutdanning. Praktisk-pedagogisk utdanning er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium. Studiet skal, mellom anna, gjere deg i stand til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring.

Meir om praktisk-pedagogisk utdanning  (PPU) for allmenne fag
Høgskulen i Volda tilbyr PPU for allmenne fag både som campusbasert heiltidsutdanning og som samlingsbasert, nettstøtta deltidsutdanning over to år.

Utdanninga består av 30 stp pedagogikk, og 30 stp fagdidaktikk, og med 60 dagar rettleidd praksis som ein integrert og viktig del av studiet. For å gje deg eit godt grunnlag, vil du ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Deltidsstudentar som er i arbeid som lærar, vil kunne ha delar av praksisen på eigen skule, om dei ynskjer det.

For deg med minimum 60 stp utdanning innan to skulefag, vil du ha 15 stp fagdidaktikk i PPU-studiet i kvart av faga. Har du utdanninga di innan eitt fag, vil du ha 30 stp fagdidaktikk i det eine faget. Siste åra har vi hatt fagdidaktisk tilbod innan norsk, samfunnsfag, framandspråk, matematikk, naturfag, RLE, Kroppsøving/idrett, musikk, mediefag og kunst og handverk. Kva fagdidaktisk tilbod vi kan gje, vert bestemt ut frå tal på kvalifiserte søkjarar, og kva fagkombinasjonar desse har. Til no har vi klart å gje tilbod i dei fleste av desse faga kvart år. Studieåret 16-17 har vi ikkje tilbod om kunst og handverk.

Meir om praktisk-pedagogisk utdanning  (PPU) for yrkesfag
Høgskulen i Volda tilbyr praktisk-pedagogisk  utdanning for yrkesfag som samlingsbasert utdanning over to år. Utdanninga består av 30 stp pedagogikk, og 30 stp yrkesdidaktikk, og med 60 dagar rettleidd praksis som ein integrert og viktig del av studiet. Ein del av praksis vert på ein tildelt skule, der 10 dagar også skal vere på ungdomssteget. For deg som er i arbeid som lærar, vil du andre året også kunne ha delar av praksisen på eigen skule.

Om opptak
Fram til og med opptaket 2018-2019 er krav til opptak på PPU for allmenne fag at du har fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang, dvs. minimum 180 studiepoeng. Frå studieåret 2019-2020 vil krava verte endra, jamfør paragraf 6 i Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning

For opptak til PPU for yrkesfag må du anten ha fullført treårig relevant profesjonsretta bachelorgrad, og ha minimum to års relevant yrkespraksis. Eller du kan ha generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning og minimum fire års yrkespraksis.

For meir om gjeldande opptaksordning til PPU ved Høgskulen i Volda, sjå her

For meir om krav som er tilsetjing som lærar; sjå Forskrift til opplæringslova

Les også om vanlege spørsmål og svar om PPU her

Studie og emneplanar finn du i studiekatalogen til Høgskulen i Volda.

Kontaktperson studieleiar:  Bjørnar Sæterås 700 75355