«Kompetanse for framtida»

Frammøte og fråvær

INFO_FOTO_BYGG_BK_rgb_VERONICA_PILSKOG_2012_2.jpg

Grunnskulelærarutdanningane utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast eine og åleine gjennom å lese teori. Mykje av lærdommen må utviklast saman med andre gjennom samtaler, diskusjonar og gruppearbeid med meir. Av denne grunn er all timeplanfesta undervisingsaktivitet obligatorisk, og vi forventar at alle studentar tar dette på alvor. Merk at det å vere fysisk tilstade i seg sjølv ikkje er nok. Ein må møte førebudd og vere aktive i den undervisingsaktiviteten som føregår. Kvart fag har tilgjengeleg ein av dagane i veka til ulike typar undervisingsaktivetar. Ordninga med obligatorisk undervising er regulert gjennom Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i VoldaAlle studentar bør orientere seg om denne forskrifta, og særskilt paragrafane 4 og 5. 

Ver merksam på at ved for mykje fråvær vil studentane misse retten til å ta eksamen i emner. 

Frammoete.jpg

Praktisering av § 4-6 ved grunnskulelærarutdanningane:

  • Emneansvarlege fører fråvær i Canvas.
  • Studentar som trur dei kan kome i ein situasjon der fråværet vert over 20 %, må så tidleg som mogleg i studieåret informere studieleiar og basisgruppeleiar om dette, her er til dømes dokumentasjon frå lege viktig.
  • Om frammøte ikkje er godkjent, skal emneansvarleg melde studenten av eksamen etter siste obligatoriske undervisingsaktivitet. Emneansvarleg skal varsle student, studieleiar og basisgruppeleiar om dette.
  • Studenten kan sende søknad om dispensasjon frå frammøtekravet. Desse søknadene skal stilast til dekan ved AHL. Søknad skal leverast studieleiar, anten per e-post. Dekan vil ta endeleg avgjerd. Søknadene vert handsama individuelt. Det er viktig at søknader vert levert så tidleg som mogleg. Studentar tar sjølve vare på legeattestar og liknande til eventuell søknad vert sendt inn. Dersom dispensasjon vert gitt, vil normalordninga vere at det må leverast kompensatorisk arbeid.

Fråværsreglane for praksis er annleis, sjå praksisheftet.

Søknad med vedlegg skal leverast til studieleiar per e-post. Studentane vil få svar frå dekan på AHL per e-post.

Søknad om dispensasjon frå frammøtekravet bør dokumenterast med attestar eller liknande.

Lenker:

Skjema for søknad om dispensasjon frå frammøtekravet (Word eller PDF)

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HVO