«Kunnskap for framtida»

Seksjon for fagstudium i nordisk

Har du planar om å undervise i norsk på ungdomssteget i grunnskulen eller i den vidaregåande skulen? Treng du teoretiske og praktiske kunnskapar i språk og litteratur i andre yrkessamanhengar? Ynskjer du å bu heime og kombinere studiet med arbeid? Då er Høgskulen i Volda eit godt val.

Høgskulen i Volda har eit breitt og fleksibelt studietilbod i norsk språk og litteratur på grunnivå og fordjupingsnivå. Du kan velje mellom to variantar av årsstudiet: eit samlingsbasert tilbod som er gratis, og eit nettbasert opplegg med avgift. Årsstudiet kvalifiserer for opptak på fordjupingsstudiet i norsk, som også er nettbasert. Både årsstudia og fordjupingsstudiet gir undervisningskompetanse saman med PPU eller pedagogikk frå lærarutdanninga.

Det fleksible ved desse tilboda ligg i at du kan bu heime i studietida. I tillegg kan du ta studia både som fulltidsstudent (30 studiepoeng på eitt semester) og som deltidsstudent (15 studiepoeng på eitt semester). Alle emna kan inngå i Bachelor i språk og litteratur.   

I undervisninga set vi fokus på samanhengane mellom språk, litteratur og samfunn. Vi legg vekt på god undervisning, studentaktivitet gjennom oppgåveskriving og individuell rettleiing på nettet.


Sjå fagtilboda ved seksjon for fagstudium i nordisk under Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur i studiekatalogen.