«Kunnskap for framtida»

MASTERGRAD I NYNORSK SKRIFTKULTUR

Struktur

Mastergraden er eit to-årig studium tilsvarande 120 studiepoeng. Den skriftlege masteroppgåva vil stå sentralt. Ho utgjer 60 studiepoeng. Dei resterande 60 studiepoenga vil bli fordelte på fire modular, to innføringsemne på 15 studiepoeng kvar, og to valemne på 15 studiepoeng kvar. Innføringsemna er lagde til haustsemesteret av studiet.

Innføringsemna tek opp dei grunnleggjande problemstillingane i høve til nynorsk skriftkultur. Det vert lagt vekt på allmenne perspektiv ved skriftkultur og skriftspråk, men òg det som særmerkjer den nynorske skriftkulturen. For å få fram tverrfaglege og komparative perspektiv vil ein trekke inn litteratur frå ulike vitskaplege disiplinar og litteratur som omhandlar ulike land og regionar.

Det blir tilbod om undervisning i seks valemne, der kandidatane må velje to:

  • Målreisingar og språkplanlegging i komparativt perspektiv
  • Den nynorske teksten - om sjanger, institusjon og norm
  • Talemålsendring og skriftspråksstandardisering
  • Nynorsk skriftmål - om norm og bruk
  • Nynorsk filosofisk skriftkultur
  • Nynorsk skriftkultur i eit barne- og ungdomsperspektiv

Det vil også vere mogeleg å innpasse storfag i historie og nordisk ved HVO i mastergraden i nynorsk skriftkultur som 15-poengs valemne.

Masteroppgåva tilsvarer halvparten av mastergradsstudiet og har eit omfang på 60 studiepoeng. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der kandidaten syner innsikt i relevante og aktuelle teoriar og metodar.

Studiet er lagt opp med tanke på at studentane skal kunne konsentrere seg om masteroppgåva. Dette vil dei kunne gjere ved Forskingssenter for skriftkultur. Det kan likevel vere ønskjeleg å opphalde seg i ein periode ved ein annan institusjon for å få eit anna perspektiv på studiet. Det er det høve til t.d. ved Nynorsk kultursentrum, etter nærmare avtale.


Forskingssenter for skriftkultur samarbeider med ei rad institusjonar, nokre av desse er vi i nettverk med. Dersom dei ønskjer det, vil studentane kunne tilbringe tredje semesteret ved éin av partnarinstitusjonane våre i Noreg eller i utlandet.

1. semester
INNFØRINGSEMNE A (15 studiepoeng)
INNFØRINGSEMNE B (15 studiepoeng)

2. semester
VALEMNE  (15 studiepoeng)
MASTEROPPGÅVA (60 STUDIEPOENG)

3. semester
MASTEROPPGÅVA (60 studiepoeng)

4. semester
VALEMNE  (15 studiepoeng)
MASTEROPPGÅVA (60 studiepoeng)