«Kunnskap for framtida»

MASTERGRAD I NYNORSK SKRIFTKULTUR

Eksamen

Eksamen er tredelt

· 6 timars skriftleg individuell eksamen i kvart innføringsemne
· munnleg innlegg + semesteroppgåve i kvart valemne
· masteroppgåva med munnleg eksamen
· prøveførelesing på 45 minutt kombinert med munnleg eksamen

Grad

Studiet i nynorsk skriftkultur fører fram til mastergraden.

Kompetanse og kvalifikasjonar

Avhengig av kva andre fag kandidaten har, vil mastergraden i nynorsk skriftkultur kunne gi undervisningskompetanse, men mastergraden skal ikkje berre utdanne lærarar. Den vil også gi brei kulturkompetanse og kvalifisere for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget, NRK, forlaga, pressa og jamvel reiselivsverksemder, særleg i nynorskdistrikt, vil vere særleg aktuelle avtakarar av uteksaminerte kandidatar.


Opptakskrav og opptaksvilkår

Som hovudregel gir oppnådd cand.mag./bachelor-grad grunnlag for opptak til mastergraden. Søkjarar til mastergraden må kunne dokumentere avslutta mellomfagseksamen/90 studiepoeng i eitt av følgjande fag eller tilgrensande fagområde:
Etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, statsvitskap.
Studentar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje Høgskulen i Volda om å få denne innpassa. Det vil bli utarbeidd retningsliner for godkjend innpassing av relevante storfag til studiet. Utdanning som ikkje er avslutta, vil ikkje bli godkjend.

Studentopptak

Vi tek opp maks. 10 studentar kvar haust.
Mastergraden i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for kandidatar som vil ta studiet over lengre tid.

Studiekostnader

Modulane ved Høgskulen i Volda er gratis, men studentane må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden for Sunnmøre og materialkostnader til Høgskulen i Volda. Ut over dette må studentane dekke eigne utgifter til reise, opphald, pensumlitteratur, studieturar m.m., eller eventuelt få arbeidsgivaren til å dekke dei.

Søknadsrutiner

Søknad om opptak skal sendast direkte til høgskulen. Du kan bruke Søknadsweb eller eit eige papirskjema. Sjå www.hivolda.no/sok for meir informasjon.

Dersom det er ledige plassar vil ein kunne handsame søknader i lokalt opptak heilt fram til studiestart.

SØKNADSFRIST: 15. APRIL