«Kunnskap for framtida»

MASTERGRAD I NYNORSK SKRIFTKULTUR

Innhald og organisering


Her vil vi gi ei kort innføring i dei ulike delane av studiefaget. For ei meir utførleg framstilling av innhaldet i innføringsemna og dei ulike valemna viser vi til studiehandboka. 

 

Innføringsemna (fellesdel)

Fellesdelen skal gi ei innføring i nynorsk skriftkultur gjennom vitskapsteori, faghistorie og metode.

Innføringsemne A (emnekode NYN301): Nynorsk skriftkultur

(Emneansvarleg: Stephen J. Walton, stephen@hivolda.no)

Målet med emnet er:
- å gi eit oversyn over skriftkulturens teori og historie

- å gjere greie for nokre av dei viktigaste særdraga ved den nynorske skriftkulturen, sett i forhold til andre skriftkulturar

Innføringsemne B (emnekode NYN302): Vitskapsteori og metode

(Emneansvarleg: Øystein Hide, ohide@hivolda.no)

Målet med emnet er: 
- å gi ei innføring i ei rekkje sentrale vitskapsteoretiske omgrep, tradisjonar og posisjonar

- å ta opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar

Allment for fellesemna

Føremålet med fellesemna er å studere kulturell modernisering og institusjonalisering
gjennom eit kulturperspektiv, eit historisk perspektiv, eit komparativt perspektiv, eit politisk og eit normativt perspektiv, i høve til den nynorske skriftkulturen.

 

Valemna

Kvar student skal velje to valemne, kvart på 15 studiepoeng. For å gi studentane høve til å velje emne etter bakgrunn og interesse, tilbyr vi seks valemne. Desse har tverrfagleg karakter. Det vil bli undervist i emnet Nynorsk skriftmål – om norm og bruk (NYN307) annakvart år. Dei andre valemna vil veksle frå år til år, slik at vi underviser i to av dei om gongen.

Emnekode NYN303: Målreisingar og språkplanlegging i komparativt perspektiv

(Emneansvarleg: Stephen J. Walton, stephen@hivolda.no)

Målet med emnet er å studere det nynorske språket:

- i lys av nasjonsbyggingsprossessane i Europa frå renessansen til i dag
- som språkreform basert på Ivar Aasens vitskaplege arbeid
- som politisk styrt språkplanlegging
- i lys av normeringstradisjonar og målreisingsrørsler i internasjonalt og komparativt perspektiv

Emnekode NYN304: Den nynorske teksten – om sjanger, institusjon og norm

(Emneansvarleg: Geir Hjorthol, gh@hivolda.no)

Målet med emnet er å arbeide med nynorske fiksjonstekstar og nynorsk sakprosa slik at deltakarane får forståing for:

- dei institusjonelle vilkåra for skriving, distribusjon og lesing av tekstane
- dei motsetningsfylte historiske kontekstane dei går inn i
- dei kultur- og språkpolitiske vala dei gir uttrykk for
- det fleirtydige ved dei, estetisk, sjangermessig og ideologisk

Emnekode NYN307: Nynorsk skriftmål – om norm og bruk

(Emneansvarleg: Hjalmar Eiksund, hjalmar.eiksund@hivolda.no)

Målet med emnet er:

- å gi ei innføring i premissane for den nynorske norma
- å gi øving i og refleksjon kring eigen språkbruk
- å drøfte måtar å formidle nynorskkunnskapar på i skulen

Emnekode NYN308: Nynorsk filosofisk skriftkultur

(Emneansvarleg: Øystein Hide, ohide@hivolda.no)

Målet med emnet er:

- å studere eit utval filosofisk essayistikk på nynorsk
- å drøfte det filosofiske essayet som form og sjanger
- å peike på særdrag ved nynorsk filosofisk tradisjon

Emnekode NYN309: Talemålsendring og skriftspråksstandardisering

(Emneansvarleg: Toril Opsahl, toril.opsahl@hivolda.no)

Målet med emnet er:

- å belyse forholdet mellom tale og skrift generelt og mellom norske dialektar og nynorsk spesielt                                                                                                                                                                - å gi ei innføring i talemålssituasjonen i dagens Noreg - dialektnivellering, regionalisering, standardisering og framvekst av nye dialektar, sosiolektar og multietnolektar                           - å sjå den norske tale- og skriftsituasjonen i lys av variasjons- og endringsmønster i andre delar av Europa                                                                                                                                                  - å reflektere kring eigen språkbruk både i tale og skrift og diskutere ulike normeringspraksisar

Emnekode NYN310: Nynorsk skriftkultur i eit barne- og ungdomsperspektiv

(Emneansvarleg: Toril Opsahl, toril.opsahl@hivolda.no)

Målet med emnet er:

- å studere korleis barn og ungdom deltar i og er med å forme den nynorske skriftkulturen - å sjå korleis språk, skrift og ungdomskultur er knytte saman, og korleis språklege og tekstlege val kan vere uttrykk for posisjonering og ulike identitetstilknytingar                         - å drøfte særdrag ved ungdommar sin språkbruk, både munnleg og skriftleg og i sosiale medium                                                                                                                                                               - å reflektere kring lesing og lesevanar og særdrag ved nynorsk barne- og ungdomslitteratur