«Kunnskap for framtida»

Jubileumsbok 2012

"Der var ruskut å leggja utpå"

Av: Ann Karene Rasmussen (Infokontoret, Høgskulen i Volda)

I 2012 var det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen. Jubileet feirast med boka "Der var ruskut å leggja utpå".

Redaktørane inviterte alle som har hatt vitskaplege stillingar ved instituttet til å bidra, og du
kan no halde resultatet i handa. Mastergraden har vore ei genuint tverrfagleg og komparativ utdanning med skriftkulturen som samnemnar. Dei som har undervist på han har vidt ulike perspektiv på kva skriftkultur er, og på kva han kan brukast til. Dermed er tilnærmingane i denne boka heilt ulike.

Tekstane i denne boka er grupperte i tre bolkar, Opplevd, Innlevd, og Utlevd. Opplevd inneheld fem tekstar om historia til den nynorske skriftkulturen, Innlevd-tekstane handlar om språk, som er grunnlaget for all skriftkultur, og Utlevd handlar om ulike aspekt ved biografisk litteratur, som har vore eitt av hovudinter­esseområda til tilsette ved instituttet.

Redaktørane er Jens Johan Hyvik, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark, og Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.