«Kunnskap for framtida»

Dagsseminar 28. september 2015

SPRÅKET I BARNELITTERATUREN – DAGSSEMINAR PÅ IVAR AASEN-TUNET

Arrangør: Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum, Nynorsksenteret og Allkunne.

   Stad: Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda (www.aasentunet.no)

     Tid: Måndag 28. september 2015, kl. 11.15–16.30

Pdf-utgåve

Tema for årets seminar er Språket i barnelitteraturen, og utgangspunktet er Kristin Mork sitt masterprosjekt om "Den raudhåra jenta i barnelitteraturen" og Kardis Hasfjord sitt masterprosjekt om "Rasmus Løland og estetisk autonomi".

Dei inviterte føredragshaldarane er leiande innan ulike felt for utvikling av og forsking på barne- og ungdomslitteratur i Noreg. Seminaret legg opp til innlegg og diskusjonar om både tematiske og metodiske trekk ved det ein reknar som "barnelitteratur", og målet er å skape større innsikt i korleis ein kan tenkje om og klassifisere eller sjangerfeste språket i slik litteratur – all den tid det er kritiske røyster til å skilje skarpt mellom kva som er barnelitteratur og kva som er anna litteratur.

Målgruppa for dagsseminaret er studentar og tilsette ved Høgskulen, studentar ved andre høgskular og universitet, lærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule og elles journalistar, målfolk og andre med både generell og særleg interesse for språk og litteratur.

 

Kontakt og påmelding:

Øystein Hide, ph.d.-stipendiat og emneansvarleg ved FS: ohide@hivolda.no, 988 31 401.

Ivar Aasen-tunet: admin@aasentunet.no, 70 04 75 70.

SEMINARET ER GRATIS OG FOR ALLE, MEN DET ER AVGRENSA TAL PLASSAR (100). MELD DEG PÅ NO!

PROGRAM

11.15    Nynorsk kultursentrum ønskjer vel møtt og presenterer Språkfakta 2015

11.45    Føredrag ved Kristin Ørjasæter, direktør for Norsk Barnebokinstitutt:                        "Barneperspektivet og forestillingen om det autonome barn"

12.30     Pause m/kaffi og te

12.45     Prosjektpresentasjon ved to masterstudentar: Kardis Hasfjord "Rasmus Løland og estetisk autonomi" og Kristin Mork "Om den raudhåra jenta i barnelitteraturen" 

13.15     Aslaug Nyrnes, professor ved Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen: "Med vilje til viten – om masterstudiet i barne- og ungdomslitteratur ved Høgskolen i Bergen"

14.00     Mat

14.30     Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør i Det Norske Samlaget: "Korleis tenkjer forlaga?"

15.15     Janne Karin Støylen, høgskulelektor ved Nynorsksenteret: "Frå ungdommen – Ungdomslesaren veit noko om den gode ungdomsboka som ikkje du veit."

15.45     Sluttrunde om laust og fast. Ordstyrar: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

16.30     Slutt

 

Om føredragshaldarane:

Kristin Ørjasæter, doktorgrad om Camilla Wergelands dagbok frå UiO, tidlegare lektor ved Aarhus Universitet og UiO, no direktør for Norsk Barnebokinstitutt. Har vore jurymedlem i Norsk kritikerlag og Brageprisen.

Aslaug Nyrnes, doktorgrad frå UiB om Holbergs didaktikk, no professor i kunstfagdidaktikk ved HiB. Var leiar i Norsk kulturråds vurderingsutval for sakprosa i 2005–2008 og er no ansvarleg for det NFR-støtta og tverrfaglege prosjektet Kunstfagdidaktikk – didaktikk på kunstfagas premissar som sidan 2009 har utvikla ein ny didaktikk for kunstfag.

Ragnfrid Trohaug, barne- og ungdomsbokforfattar med studiar i m.a. litteraturvitskap, tok forfattarstudiet i Bø, og har dei siste åra vore barnebokredaktør i Samlaget. Vunne fleire prisar for forfattarskapen sin. No seniorredaktør i Det norske samlaget etter ein periode som konstituert forlagssjef.

Janne Karin Støylen, utdanna allmennlærar, master i barne- og ungdomslitteratur frå Høgskolen i Bergen, tidlegare programansvarleg for Dei Nynorske Festspela, no høgskulelektor ved Nynorsksenteret. Held kurs, seminar og føredrag om litteratur, forfattarar og metode.