«Kunnskap for framtida»

Dagsseminar 7. mai 2014

SPRÅKET I NÆRINGSLIVET – DAGSSEMINAR PÅ IVAR AASEN-TUNET

PDF-utgåve

Arrangør: Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum, Nynorsksenteret og Allkunne.

         Stad: Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda (www.aasentunet.no)

            Tid: Onsdag 7. mai 2014, kl. 09.15–15.00

Ved Høgskulen i Volda finn du den einaste mastergraden i verda i nynorsk skriftkultur. I studieprogrammet undersøkjer vi skriftkulturen allment, samtidig som vi set fokus på den nynorske skriftkulturen og korleis denne har utvikla seg over tid. Dette dagsseminaret er det andre av det som no har vorte eit (v)årleg seminar, kvar gong med nytt tema henta frå interessefeltet til masterstudentane. Seminaret presenterer innspel og ny forsking frå sentrale fagfolk på det aktuelle feltet og gjev studentane høve til å presentere si eiga forsking for eit større publikum.

Tema for seminaret var Språket i næringslivet, og utgangspunktet var Monika Haanes Waagans masterprosjekt om språkval i den maritime næringsklynga på Nordvestlandet. Dei maritime industribedriftene her er del av ei verdskjend maritim næringsklynge, og ho vert skildra som ei av svært få komplette maritime klynger i verda. Her finst internasjonalt leiande reiarlag, verft og utstyrsprodusentar. Som språksamfunn er den maritime klynga interessant – ikkje minst på grunn av kombinasjonen global industri og tette lokale band. Dette geografiske området er på same tid kjerneområdet for det nynorske skriftspråket. Vi veit at næringslivet er eitt av samfunnsområda der nynorsken aldri har fått skikkeleg fotfeste – trass i at skriftspråket har stått sterkt i regionen generelt. Vi ser også at klyngebedriftene som vel nynorsk som bedriftsspråk, er i mindretal. I masteroppgåva si lurer Monika Haanes Waagan på kvifor enkelte bedrifter trassar fleirtalet i klynga og vel nynorsk som bedriftsspråk – og dette seminaret var eit forsøk på å finne nokre svar på det.

Målgruppa for dagsseminaret var studentar og tilsette ved Høgskulen, studentar ved andre høgskular og universitet, lærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande, representantar for næringslivet og elles journalistar, målfolk og andre med generell interesse for næringslivet og særleg interesse for språk. Med dette seminaret heldt Forskingssenter for skriftkultur fram med å markere seg som ein premissleverandør og eit knutepunkt, ved å skape ein romsleg møtestad for læring og diskusjon.

Kontakt:

Øystein Hide, phd-stipendiat og programansvarleg ved FS: ohide@hivolda.no, 988 31 401

Torgeir Dimmen, Senterleiar ved Nynorsksenteret, td@hivolda.no, 70 07 51 72

Audhild G. Rotevatn, Dagleg leiar i Allkunne, audhild@allkunne.no, 70 04 75 95

 

PROGRAM

09.15 Innleiing og velkomen ved Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør i Allkunne og             masterstudent ved Forskingssenter for skriftkultur
09.30 Føredrag ved Monika Haanes Waagan, HVO ("Språkval i den maritime klynga")
10.15 Pause
10.30 Føredrag ved Jonas Lillebø, UiB ("Språk, kultur, kommunikasjon og omsetjing")
11.15 Pause m/matservering
12.00 Føredrag ved Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonssjef i Kleven ("Språkval hjå Kleven")
12.45 Pause
13.00 Føredrag ved Gunnstein Akselberg, UiB/Språkrådet ("Kommunikasjon og språk på             arbeidsplassen")
13.45 Ordet fritt/Plenumsdiskusjon
14.30 Oppsummering ved Torgeir Dimmen, Nynorsksenteret
15.00 Slutt

 

Om føredragshaldarane:

Jonas Gamborg Lillebø, disputert0e i januar 2014 for ph.d.-graden i filosofi ved UiB med ei avhandling om kulturomgrepet sett frå ein politisk, filosofisk og antropologisk synsvinkel. Sentralt i avhandlinga er spørsmålet om kva type språk vi skal bruke for å snakke om kultur, og Lillebø drøfter grunntrekk ved arbeidene til Jean-Loup Amselle og Paul Ricoeur.

Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonssjef i Kleven og medlem i Språkrådet sitt fagråd for samfunn og høgre utdanning, har markert seg som tilhengjar av bruk av nynorsk i næringslivet. Kvalsund knyter bruken av nynorsk til identitet, historie, at det er dialektnært for eit næringsliv plassert på Nordvestlandet – men òg til kvalitet.

Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen og leiar av Språkrådet sitt fagråd for samfunn og høgre utdanning. Akselberg jobbar med ulike språklege tema, mellom anna innom sosiolingvistikk der han har skrive ei doktoravhandling. Elles har han skrive fleire artiklar og bøker, og har mellom anna eit fast språkprogram på NRK Hordaland.