«Kunnskap for framtida»

Dagsseminar 4. april 2013

SPRÅKET I SOSIALE MEDIUM – DAGSSEMINAR PÅ IVAR AASEN-TUNET

PDF-utgåve

Arrangør: Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk Kultursentrum, Nynorsksenteret, Allkunne og Språkåret 2013.

         Stad: Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda (www.aasentunet.no)

            Tid: Torsdag 4. april 2013, kl. 09.15–15.00

Dette dagsseminaret tok utgangspunkt i eit tema fleire av masterstudentane våre er opptekne av og skriv oppgåver om: Språket i sosiale medium. Det er det første av det som vert eit (v)årleg seminar, kvar gong med nytt tema henta frå interessefeltet til masterstudentane, og seminara skal både presentere ny forsking frå sentrale fagfolk på det aktuelle feltet og gje studentane høve til å presentere si eiga forsking for eit større publikum. 2013 er òg «Språkåret», og dette markerte me ved å leggje seminaret til Aasen-tunet, heimen til Nynorsk Kultursentrum, som òg er ansvarleg for Språkåret 2013 på oppdrag frå Kulturdepartmentet.

Målgruppa for dagsseminaret var studentar og tilsette ved Høgskulen, lærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande, studentar ved andre høgskular og universitet, og elles journalistar, redaktørar, målfolk og andre med generell interesse for sosiale medium og særleg interesse for språk. Med desse seminara ønskjer Forskingssenter for skriftkultur å markere seg som ein premissleverandør og eit knutepunkt, ved å skape ein romsleg møtestad for læring og diskusjon.

Presseomtale:

Liv Marie Schou intervjua på nærnett.no, 2. april 2013

Liv Marie Schou og Audhild G. Rotevatn intervjua i avisa Møre, 6. april 2013

Øystein A. Vangsnes på nærnett.no, 8. april 2013

Kontakt:

Øystein Hide, høgskulelektor og programansvarleg ved FS, ohide@hivolda.no, 988 31 401

Torgeir Dimmen, Senterleiar ved Nynorsksenteret, td@hivolda.no, 70 07 51 72

Audhild G. Rotevatn, Dagleg leiar i Allkunne, audhild@allkunne.no, 70 04 75 95

 

 

PROGRAM

09.15 Innleiing og velkomen ved Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør i Allkunne og masterstudent ved Forskingssenter for skriftkultur
09.30 Føredrag ved Gudrun Kløve Juuhl ("Om ungdoms digitale tekstar")
10.15 Pause
10.30 Føredrag/Presentasjon ved Liv Marie Schou ("Om Facebook i nynorskundervisinga")
11.30 Pause m/matservering
12.15 Hovudføredrag ved Øystein A. Vangsnes (”Dialekt og nynorsk i #SoMe”)
13.15 Pause
13.30 Prosjektpresentasjon ved journalist og masterstudent ved Forskingssenter for skriftkultur Olaug Bjørneset og PR-student Jorunn Waage Gamlem
14.00 Ordet fritt 
14.45 Oppsummering ved Ottar Grepstad for Språkåret 2013
15.00 Slutt

 

Om føredragshaldarane:

Øystein A. Vangsnes, grammatikar og dialektforskar ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tema for dette føredraget er dialekt i sosiale medium, korleis auka bruk av dialekt speglar munnlegheita ved mange av dei, og i kva grad dialektbruk har overtatt for nynorsk som utfordrar av dei språklege hegemonia.

Gudrun Kløve Juuhl, høgskulelektor ved Nynorsksenteret og doktorgradsstipendiat ved Senter for pedagogiske tekstar, Høgskolen i Vestfold 2007–2012. Vil presentere tema frå sitt doktorgradsarbeid om ungdoms digitale tekstar for internett i og utanfor skulen, med vekt på skrivestrategiar og skrivekompetanse.  

Liv Marie Schou, lektor ved St. Hallvard vgs i Lier, har valt å bruke Facebook i undervisninga for å møte elevane der dei er, auke skrivegleda i norskfaget, få elevane til å skrive meir nynorsk, samt vise at nynorsk er eit bruksspråk. Ved bruk av eigne fagsider på Facebook oppnår lærar og elev ein god dialog, der heile klassen deler informasjon, spørsmål og kommentarar.