«Kunnskap for framtida»

Forskingssenter for skriftkultur

Ivar Aasen-instituttet var namnet på eit forskingsinstitutt direkte underlagt styret ved Høgskulen i Volda. Frå 01.01.2013 er namnet Forskingssenter for skriftkultur, og det er administrativt underlagt Institutt for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Senteret har knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur.

Frå hausten 2002 har instituttet og no senteret tilbode eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur. Våren 2013 er det registrert 44 masterstudentar ved senteret.

Vi arrangerer seminar og fagmøte av ulike slag. 

Senteret har ein skriftserie.  Sjå meir om den under lenkja Skriftserien til høgre.

Forskingssenter for skriftkultur har eit tett samarbeid med Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda og Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

 

 In English