«Kunnskap for framtida»

Institutt for språk og litteratur

Institutt for språk og litteratur har ansvar for fagområda norsk og engelsk og har eit breitt og fleksibelt studietilbod både på nett og på campus. Forutan å ha ansvar for fagområda engelsk og norsk i lærarutdanningane tilbyr instituttet halvårsstudium, årsstudium og fordjupingsstudium og bachelorgrad i språk og litteratur. I tillegg har instituttet ansvar for mastergrad i nynorsk skriftkultur og delansvar for master i undervisning og læring. Nemnast må også eit stort etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar og eit eige norskstudium for utanlandske studentar.

Instituttet har om lag 35 tilsette og er delt i fire seksjonar: Seksjon for engelsk, Seksjon for norsk i lærarutdanningane Seksjon for norsk for internasjonale studentar og Ivar Aasen forskingssenter for språk, litteratur og kultur. Det tidlegare «Ivar Aasen-instituttet»/«Forskingssenter for skriftkultur» er frå 1.1.2016 ein integrert del av instituttet.

Instituttleiar: Vibeke Jensen, tlf. 70 07 54 36.

Sjå fagtilboda ved Institutt for språk og litteratur i studiekatalogen.