«Kunnskap for framtida»

Grunnskulelærarutdanning - To løp

Grunnskulelærarutdanningane kvalifiserer for pedagogisk arbeid med barn og unge på 1.-7. årstrinn eller 5.–10. årstrinn. Nokre grunnskulelærarar vel å arbeide i andre skuleslag, med kurs- og opplæringsverksemd for vaksne, informasjon, personaloppgåver, fagpolitisk arbeid eller innanfor skuleadministrasjon. Studenten  kan eventuelt  innrette studiet mot ein femårig mastergrad i Volda  eller ved ein annan studiestad.

   

Grunnskulelærarutdanning 1-7

(4 år/240 stp ) har fokus på grunnleggande fagkompetanse. Studenten skal utvikle evna til å sjå den enkelte elev og legge til rette for gode læringsprosessar. Utdanninga består av ein obligatorisk kjerne med pedagogikk og elevkunnskap, norsk,  matematikk og praksisopplæring, og ein valfri del. I det fjerde året kan ein velje skulefag, eller alternativt eit skulerelevant fag eller masteremne. Didaktikk inngår i  alle fag.

Grunnskulelærarutdanning  5-10

(4 år/240 stp) legg vekt på fagleg fordjuping. Utdanninga  kvalifiserer for undervisning i dei faga som inngår i studiet.  Pedagogikk og elevkunnskap  og praksisopplæring er obligatorisk. Studenten  skal ha tre undervisningsfag, og skal  i løpet av dei tre første åra  velje to fag.  I det fjerde året skal studenten velje sitt tredje fag. Alternativt kan ein det siste året velje eit skulerelevant fag eller masteremne. Didaktikk inngår i  alle fag .

Sjå studiekatalogen for meir informasjon om grunnskulelærarutdanning

 

Studieleiar for grunnskulelærarutdanninga: Oddvar Aalde | 70 07 53 53
Praksiskonsulent for grunnskulelærarutdanninga: Ivar Hagen | 70 07 53 13