«Kunnskap for framtida»

Tilrettelagt studieløp / overflytting / innpassing i grunnskulelærarutdanningane

Tilrettelagt studieløp
I særskilde høver kan studentar søke om eit tilrettelagt studieløp i grunnskulelærarutdanningane. Det er viktig å ha kontakt med studieleiar før du søker, med tanke på å diskutere kva som er mogleg å få til. Søknadsskjema finn du her.

Innpassing av fag i fjerde studieår
Retningslinjer for innpassing av fag i GLU finn de her.
Søknadsskjema for innpassing av fag i GLU finn de her.

Førehandsgodkjenning av fag utanfor GLU-modellen (gjeld også ved overflytting til annen høgskule/universitet for fjerde studieår)
Om studentar ulike grunnar vil ha fag som ligg utanfor GLU-modellen i sitt fjerde studieår, må dei søke om førehandsgodkjenning av desse. Det er ikkje anledning for å søke om førehandsgodkjenning av fag som ein student tar ekstra (altso om ein student tar meir enn 60 studiepoeng eit studieår (dette må ein eventuelt søke om innpassing i etterkant)). Retningslinjene for førehandsgodkjenning vil følgje retningslinjene for innpassing av fag, og om faget studenten tar ikkje inneheld praksis må studenten betale eigenandel for ekstra praksis (jamfør retningslinjene for innpassing av fag). Søknadsfristen føl fristen for fagvalet i GLU.
Søknadsskjema for førehandsgodkjenning


Overflytting frå annan institusjon til Høgskulen i Volda
Retningslinjer og søknadsskjema finn du her. Sjå elles menyen til høgre for meir informasjon.


Overflytting frå Høgskulen i Volda til ein annan institusjon
Det varierer frå institusjon til institusjon korleis retningslinjene er, og dette må de leite opp på heimesidene til den institusjonen de vurderer å søke om overflytting til. Normalt er det mogleg med overflytting etter andre og etter tredje studieår, føresett at studiemodellane passar overeins. Merk at de bør undersøke kven som skal skrive ut vitnemålet for dykk. Dersom det er HVO (normalt ved overflytting etter tredje studieår) må de søke om førehandsgodkjenning av fag de vil ta. Internt i UH-Nett Vest har vi eit samarbeid, og vi er forplikta til å ta i mot kvarandre sine studentar (med atterhald om ein normal studieprogresjon). Meir informasjon om kva dei andre institusjonane i UH-Nett Vest tilbyr finn de under:
Høgskulen i Sogn og Fjordane (informasjon om fagval finn de i Fronter)
NLA Høgskolen
Høgskolen i Bergen (søknadsfrist 2.mars)
Høgskolen Stord/Haugesund (informasjon om fagval finn de i Fronter)