«Kunnskap for framtida»

Retningsliner for overflytting til HVO i GLU 1 - 7 og 5 - 10

Studiemodell GLU1-7 og 5-10
GLU_HVO.PNG

Studieplan for GLU1-7
Studieplan for GLU 5-10

Er du student ved ein annan lærestad men ynskjer  å søkje overflytting til HVO, må du sende ein formell søknad. Sjå meir nedst på sida.

OVERFLYTTING  TIL 2. STUDIEÅR I GLU1-7 OG GLU5-10:

På grunn av at studiemodellane ved utdanningsinstitusjonane er ulike, er det vanskeleg å få overflytting til 2.studieår. Ein må søkje om opptak til 1.studieår via ordinært samordna opptak, og deretter (etter opptak) søkje om innpassing for emne  som er tatt i 1.studieår ved annan høgskule/universitet. Studenten må legge fram dokumentasjon  på slike fullførte emne, og på fullført praksis. Merk at eventuell innpassing ikkje kan garanterast.

OVERFLYTTING TIL 3. STUDIEÅR I GLU1-7 OG GLU5-10:

FAGTILBOD I 3.STUDIEÅR:

GLU 1-7: Norsk 2 (fordjuping med forkrav Norsk 1) og Matematikk 2 (fordjuping med forkrav Matematikk 1)

GLU 5-10: Norsk 2 (fordjuping med forkrav Norsk 1) og Matematikk 2 (fordjuping med forkrav Matematikk 1)

OVERFLYTTING TIL 4. STUDIEÅR I GLU1-7 OG GLU5-10

FAGTILBOD I 4.STUDIEÅR:

Sjå fagtilbodet i studiemodellen øverst på sida, haustsemester og vårsemester i 4.studieår.

Praksis
I 4.studieår inngår 10 dagar praksis på HVO. Den enkelte student må sørge for at han får nok samla praksis for heile studiet, og etter nærare avtale med den enkelte overflyttingsstudent kan vi organisere 10, 15 eller 20 dagar praksis som ein del av fjerde studieår.

Vitnemål/karakterutskrift/førehandsgodkjenning av fag

Vitnemål skal normalt skrivast ut av utdanningsinstitusjonen der studenten har tatt dei 3 første studieåra. Du bør difor søkje til din noverande utdanningsinstitusjon om førehandsgodkjenning av dei faga du skal ta ved HVO. Du må sørge for å sende karakterutskrift frå HVO til den opprinnelege institusjonen etter fullført 4. studieår ved HVO.


KORLEIS SØKJE OVERFLYTTING?

Søknadsskjema for overflytting

Du bør forhøyre deg med din noverande utdanningsinstitusjon om du skal sende søknaden via dei, eller direkte til Høgskulen i Volda (HVO). I begge tilfelle må det leggast ved søknaden dokumentasjon på fullførte emne og praksis (karakterutskrift).

Vedlagt søknaden skal vere følgjande dokumentasjon:

  • Oversikt over studieprogrammet (studieprogramplan) ved høgskulen/universitetet du kjem frå.
  • Oversikt over kva emne og praksis du har fullført hittil, kva emne og praksis du skal fullføre    inneverande semester.
  • Oversikt over innhald og pensum (emneplan) på alle emna  som er tekne, eller skal takast inneverande semester.
  • Gyldig dokumentasjon (karakterutskrift) på eksamenar og praksis som er bestått.


Føresetnader for å få overflytting til HVO:
1.    Søkjarar skal vere kvalifiserte for oppflytting til det studieåret som det blir søkt overflytting til, ved den institusjonen det blir søkt frå.
2.    Ledig studieplass.
3.    Overflytting til 3.st.år: Studenten må ha fullført og bestått dei 2 første studieåra ved den utdanningsinstitusjonen vedkomande søkjer frå. Overflytting til 4.studieår: Studenten må ha fullført og bestått dei 3 første studieåra ved den utdanningsinstitusjonen vedkomande søkjer frå.
4.    Samanfallande studiemodell med HVO.
5.    Oppfyller forkrav til faget/faga det blir søkt til.
6.    Søkjarar må normalt ha fullført minst like mange dagar rettleia praksis som studentane ved HVO.
7.    Ein må ikkje ha ei "Skikka"-sak mot seg frå den institusjonen det blir søkt frå (jf. Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven, § 4-10).


Dersom det ved opptak blir behov for rangering av søkjarar som søkjer overflytting, blir desse rangert etter karakterar frå dei føregåande studieåra i GLU.


 Søknadsfrist er 1. mars.


For meir informasjon kontakt studieleiar Oddvar Aalde (oddvar.aalde@hivolda.no tlf. 70075353) eller seniorkonsulent Ivar Hagen (ivarh@hivolda.no tlf. 70075263)