«Kunnskap for framtida»

Innpassing av fag i GLU

Retningslinjer for innpassing av undervisningsfag og skulerelevante fag i grunnskulelærarutdanningane (GLU)

Grunnskulelærarstudentar på HVO som har tatt eksamen i fag som svarar til skulefag eller skulerelevante fag, kan etter søknad og individuell sakshandsaming få innpassa faget som ein del av sitt fjerde studieår. Det vert føresett at studenten sitt samla praksisomfang er 100 dagar innanfor vald innretting (1-7, 5-10), og at det kan dokumenterast fagdidaktisk innhald i faget.

Høgskulen i Volda kan innpasse fag med eit samla omfang på inntil 60 studiepoeng. Minsteeininga er 30 studiepoeng. Fag som kan innpassast kan vere sett saman slik:

  • eitt undervisningsfag på 60 studiepoeng
  • eitt eller to undervisningsfag, kvart på 30 studiepoeng
  • eitt undervisningsfag og eitt skulerelevant fag, kvart på 30 studiepoeng
  • eitt skulerelevant fag på 30 studiepoeng

Obligatoriske fag i grunnskulelærarutdanningane kan ikkje innpassast. Som ei overgangsordning mellom allmennlærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane kan individuelle tilpassingar vurderast.

Dersom det er meir enn 10 år sidan eksamen i faget er avlagt, kan studenten ikkje rekne med å få faget innpassa.

Praksis
Det vert føresett at studenten sitt samla praksisomfang er 100 dagar. I fjerde studieår vil det etter GLU-modellen ved HVO vere krav om 10 dagar rettleia og vurdert praksis innanfor vald innretting (1-7, 5-10). Studenten må dokumentere gjennomført praksis som er rettleia og vurdert, og dette må presiserast i søknaden. Dersom studenten manglar praksis kan Høgskulen[1] skaffe praksisplass. Praksis som studenten organiserer sjølv vert ikkje godtatt. Merk at studenten må betale ein eigendel for denne praksisplassen på 2 000 kroner. Denne eigendelen må vere betalt før studenten får ut vitnemålet.

 Fagdidaktikk
Studenten må sjølv legge fram dokumentasjon på innhaldet i faget. Dersom det ikkje kan dokumenterast fagdidaktikk, må studenten skrive ei fagdidaktisk oppgåve innanfor vald innretting (1-7, 5-10). Dersom studenten manglar fagdidaktikk, kan høgskulen legge til rette med fagansvarleg som skal gje, rettleie og vurdere ei fagdidaktisk oppgåve (godkjendt/ikkje godkjendt). Fagansvarleg vert betalt med 8 arbeidstimar. Om studenten vert pålagt ei slik fagdidaktisk oppgåve, må denne vere godkjent før studenten får ut vitnemål.

Ved innpassing av 30 studiepoeng skulerelevant fag, vil høgskulen ikkje krevje fagdidaktisk oppgåve, men studenten må dokumentere totalt praksisomfang på 100 dagar. I søknaden må studenten dokumentere at faget har relevans for arbeid som lærar i grunnskulen.

Søknad

Bruk eige skjema for slik søknad. Studenten må legge eventuelle karkaterutskrifter, emne- og studieplanar ved søknaden.

Søknadsskjema for innpassing

Søknaden med vedlegg skal leverast på sørvistorget eller sendast til:

Høgskulen i Volda
Studieadministrasjonen
Postboks 500
6101 Volda

Søknadsfrist
Søknadsfrist er 31. oktober for haustsemesteret og 31. mars for vårsemesteret. Studentane kan vente svar i løpet av november (for søknadar levert før 31. oktober) eller april (for søknadar levert før 31. mars).



[1] Eit slikt tilbod vert gitt etter individuell vurdering, og om tilbodet vert gitt eller ikkje vil gå fram av svaret på søknaden om innpassing.