«Kunnskap for framtida»

Grunnskulelærarutdanningane på HVO - Studiekvalitet

God studiekultur er viktig i alle utdanningar, og det handlar om alle som er involverte i utdanninga, både studentar og tilsette. Vårsemesteret 2013 var det nedsett ei gruppe som arbeidde med studiekultur i lærarutdanninga, rapporten frå denne gruppa finn du nedst på sida.

Høgskulen har eit systematisk arbeid med studiekvalitet, meir informasjon om dette finn ein her.

Studiekvalitetssystem i Grunnskulelærarutdanningane

Ein viktig tanke i lærarutdanningane er at mykje av det viktigaste arbeidet med studiekvalitet skjer på eit så lavt nivå som mogleg. Difor vil ein i GLU fortsetje med å ha fagutval i kvart emne, desse fagutvala har følgjande føringar:

Fagutvala skal vere oppretta seinast 6 veker etter semesterstart. Kvart fagutval skal ha minimum eit timeplanfesta møte i semesteret. Ein fagtilsett kallar inn til og leier møta. Ein av studentrepresentantane skal skrive referat (mal for referat). Fagutvala kan mellom anna ta føre seg følgjande område innafor emnet:

  • innhald
  • arbeidsmåtar og organisering
  • rettleiing
  • praksis
  • arbeidskrav/obligatorikk
  • vurdering og eksamen
  • læringsutbytte
  • pensum
  • informasjonsflyt

Godkjende referat skal publiserast i emnerommet i Fronter, og studieleiar skal ha kopi.

Tillitsvalde studentar deltar i fagutvalet på studieprogramnivå, som er skildra i studiekvalitetssystemet på HVO (sjå lenke over).

Forventningar

Å avklare forvetningar er ein viktig del av studiekvalitetssystemet og ikkje minst viktig for å få til ein god studiekultur. Studieleiar er ansvarleg for at alle involverte i utdanninga vert møtt med like forvetningar. Under finn ein nokre av forvetningane til alle som er involvert i GLU (både studentar og tilsette)

  • Ein møter presis og førebudde
  • Ein overheld fristar
  • Ein er tiltades både fysisk og psykisk / tar del i dei falgege diskusjonane
  • Mat er ikkje tillatt i undervisingslokala (drikke er lov)
  • Mobiltelefon nyttar ein ikkje i timane
  • Datamaskin og nettbrett kan brukast til fagleg aktivitet
  • Ein er ikkje på sosiale medier i timane og ein viser generelt nettvett
  • Ein ryddar opp etter seg

Rapporten frå gruppa om studiekvalitet finn du her.