«Kunnskap for framtida»

Semesterregistrering

GLU-studentar som er i løpet treng ikkje søke på nytt for å ha plass i utdanninga, de er tatt opp på eit fireårig løp. Men alle studentar må semesterregistrere seg i starten av kvart semester. Denne registreringa for haustsemesteret opnar 10. juli, og må vere gjort før 1. september (og før 15. januar i vårsemesteret). Det er viktig å registrere seg på rett måte, då ein er avhengig av at dette er gjort rett for å få gå opp til eksamen (tilgang til Fronter og studielån er også eit viktig element). For at registreringa skal vere i orden må også semesteravgifta vere betalt. Meir informasjon om sjølve registreringa finn du her: http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/studentsorvis/registrer-deg

Merk at GLU-studentar normalt IKKJE deltar i undervisingsopptaket som går i siste halvdel av kvart semester, men nyttar ordinær semesterregistreringsperiode. I semesterregistreringa bekreftar du det fagvalet du har gjort tidlegare i semesteret. Det vil sei at du må sjølv legge inn dei emna du har valt. Konkret betyr dette:

  • 1. studieår:
    • 1GLU 1-7: Obligatoriske emner ligg på planen (dobbeltsjekk dette (PEL, norsk matematikk og praksis)), og vidare må ein legge inn fagvalet sitt (Engelsk eller Kunst og handverk). Den ferdige planen må godkjennast med alle emner. Dobbeltsjekk at du er både undervisingsmeldt og vurderingsmeldt.
    • 1GLU 5-10: Obligatoriske emner ligg på planen (dobbeltsjekk dette (PEL og praksis)), og vidare må ein legge inn fagvalet sitt (enten matematikk eller norsk og engelsk eller samfunnsfag). Dobbeltsjekk at du er både undervisingsmeldt og vurderingsmeldt.
  • 2. studieår (2GLU 1-7 og 5-10):
    • No ligg normalt alle emner inne, då her ikkje er nytt fagval dette året (ein fortset på faga ein valde i 1GLU). Dobbeltsjekk at dei rette emna ligg der, og at du er både undervisingsmeldt og vurderingsmeldt. Registreringa må gjennomførast sjølv om alle emner ligg inne.
  • 3. studieår:
    • For båe løp: Merk at emner med krav om forkunnskapar (sjekk emneplanen (i 3GLU vil dette gjelde alle emner)) vil du ikkje få bekrefting på vurderingsmelding, då studieadministrasjonen må gå gjennom manuelt at du oppfyller forkrava. Dvs. at du må sjekke at du er undervisingsmeldt, og vidare vil der under vurderingsmelding stå noko slikt som «Undervisingsopptak pågår». Dette er heilt normalt, og vert fjerna etter kvart som studieadministrasjonen går gjennom listene og bekreftar at du fyller forkrava. Til dømes er forkravet til PEL 3 at du har stått på PEL 1 og PEL 2.
    • 3GLU 1-7: Obligatoriske emner ligg inne, og vidare må ein legge inn fagvalet sitt (Matematikk 2 eller Norsk 2).
    • 3 GLU 5-10: Her ligg alle emner normalt inne, men planen må godkjennast som vanleg.
  • 4. studieår:
    • Her må ein legge inn fagvala sine, pass på at praksis også ligg inne.

 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med Nerissa Solvang, studiekonsulent, eller Oddvar Aalde, studieleiar.