«Kunnskap for framtida»

Grunnskulelærarutdanningane på HVO - Fagval

Grunnskulelærarutdanningane er heilskaplege utdanningar med tydeleg progresjon og ei tydeleg profesjonsretting gjennom heile studiet. Dette stiller krav til alle som er invovlert i studiet (faglærarar, praksislærarar og studentar), men også til fagval og organisering.

Sjå meir informasjon i studieplanane.

Skjema for fagval finn du nedst på denne sida.

Praksis

I grunnskulelærarutdanningane skal det vere 100 dagar rettleia og vurdert praksis. Ved HVO har vi fordelt desse dagane slik (gjeld både 1-7 og 5-10):

  • 1 GLU: 30 dagar
  • 2 GLU: 30 dagar
  • 3 GLU: 30 dagar
  • 4 GLU: 10 dagar (overflyttingsstudentar kan få tilbud om 15 dagar i 4 GLU ved behov)

 Studiemodell

HVO sin studiemodellen ser slik ut :

GLU_HVO.PNG            

Fyrste, andre og tredje studieår

Grunnskulelærarutdanninga 1.-7.

I GLU1-7 er det 3 obligatoriske fag; Pedagogikk og elevkunnskap (60 stp.), Norsk (30 stp.) og Matematikk (30 stp.). I tillegg vel studentane mellom Engelsk eller Kunst og Handverk i fyrste studieår, og dette valet gjeld også for andre studieår (30 stp. i eitt av faga). Vidare er det krav om fordjuping til 60 stp. i minimum eitt fag, og ved HVO må studentane velje fordjuping i enten norsk eller matematikk, denne fordjupinga vel ein i tredje studieår. 

Grunnskulelærarutdanninga 5.-10.

I GLU5-10 er det eitt obligatorisk fag, og det er Pedagogikk og elevkunnskap (60 stp.). I fyrste studieår vel studentane 60 stp. i enten samfunnsfag eller engelsk og 60 stp. i enten norsk eller matematikk (sjå modell over). Dermed skal studentane ikkje gjer noko nytt fagval før det nærmar seg fjerde studieår.  

Fjerde studieår i Grunnskulelærarutdanningane ved HVO 

Innleiing

Fjerde studieår i grunnskulelærarutdanningane kan vere oppbygd av to 30 studiepoengseiningar (ei av desse einingane kan vere eit skulerelevant fag eller eit internasjonalt semester) eller ei 60 studiepoengseining. Alternativt kan studentane velje overgang til master i undervising og læring.

Punktvis vil altså fjerde studieår sjå slik ut:

Grunnskulelærarutdanning 1.-7.:

Haustsemester (ein vel eit av faga):

    • Naturfag 1 (30 stp)
    • RLE 1 (30 stp)
    • Kroppsøving 1 (30 stp)
    • Overgang til master i undervising og læring

Vårsemester (ein vel eit av faga):

    • Spesialpedagogikk (30 stp)
    • RLE 2 (30 stp) (føreset at studenten har RLE 1)
    • Internasjonalt semester
    • Master i undervising og læring om studenten har valt det om hausten

Grunnskulelærarutdanning 5.-10.:

Haustsemester (ein vel eit av faga):

    • Naturfag 1 (30 stp)
    • RLE 1 (30 stp)
    • Kroppsøving 1 (30 stp)
    • Overgang til Master i undervising og læring, sjå utfyllande informasjon lenger ned

Vårsemester (ein vel eit av faga):

    • Spesialpedagogikk (30 stp)
    • Naturfag 2 (30 stp) (føreset at studenten har Naturfag 1)
    • RLE 2 (30 stp) (føreset at studenten har RLE 1)
    • Kroppsøving 2 (30 stp)(føreset normalt at studenten har Kroppsøving 1)
    • Internasjonalt semester
    • Master i undervising og læring , dersom studenten har valt det om hausten

 Merknadar:

  • Del to av eit årsstudium kan ikkje takast utan at del 1 er tatt.
  • Spesialpedagogikk (30stp): GLU-studentane går inn i det eksisterande tilbodet i spesialpedagogikk, i masteremna som går i vårsemesteret (UL302 og ULSP304). Det er m.a. ei ekstra samling for GLU-studentane og eit tilleggspensum.

  • Overgang til master: Master i undervising og læring har fordjuping i spesialpedagogikk, norsk eller matematikk og har opptakskrav. I forskrifta er det maksimalt tillate med 30 studiepoeng skulerelevant fag, dermed må studentar som vel fordjuping i spesialpedagogikk ta 30 studiepoeng skulefag ekstra for å få GLU-vitnemål. Merk også at det er krav om ein snittkarakter på C eller betre i dei fire fyrste emna (1. studieår på masteren) for å få fortsetje på 2. studieår på masteren. 

  • Frist for fagval vert 8.mars. Fristen for å søke om overflytting til andre institusjonar varierar, men for dei fleste vil fristen vere 1. mars.  
  • HVO har rett til å avlyse eit fag, om det skulle melde seg for få søkarar til det aktuelle faget.
  • Melder det seg for mange søkarar til eit fag, vil det verte konkurranse om plassane etter følgjande kriterier:
    • Studentar med normal progresjon, altså fullført og bestått alt så langt, går framfor dei med «hengefag».
    • Studentane vert rangert etter gjennomsnitt av oppnådde karakterar per omlag 1.mars.
  • Tidleg i vårsemesteret  vert det arrangert informasjonsmøte for 3GLU-studentane om fagval.
  • I tråd med innpassingsreglementet for GLU på HVO vert det opna for at studentar kan søke om førehandsgodkjenning for andre fag enn dei som ligg inne i modellen. Søknadsfrist for dette vert også 8.mars. Her vert det lagt ut eit eige søknadsskjema som skal nyttast.
    NB! Merk at studentar som vil ta fag utanfor studiemodellen i GLU slik må søke om ny studieplass via Samordna eller lokalt opptak.

Skjema for fagval

(Skjemaet er blitt fjerna)

(Gamle skjema)
Fagval 1-7
Fagval 5-10

Fyll ut skjema og lever i Fronter (innleveringsmappe i plenumsromma) innan 15. februar. Alle må levere inn eit slikt skjema (også dei som vel overflytting eller innpassing).