«Kunnskap for framtida»

Deltid GLU 1-7

År om anna blir det lyst ut grunnskulelærarutdanning 1-7 på deltid. Det blir kunngjort i studiekatalogen

Grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. årssteg er ei fireårig profesjonsutdanning som går over fem eller seks år. Denne utdanninga er aktuell for deg som likar å arbeide med barn, og som ønskjer å arbeide i skuleverket, men som av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å studere på heiltid. I studiemodellen ved Høgskulen i Volda er det moglegheit til både å velje breidde og/eller fordjuping i fag.

Utdanninga er sett saman av praksis og dei obligatoriske faga pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk i tillegg til andre skulefag eller skulerelevante fag. I tredje studieår vel du fordjuping anten i norsk eller matematikk i tillegg til at du fortset med PEL. Når du kjem til det fjerde studieåret skal du skrive ei bacheloroppgåve knytt til PEL og her vil du også ta eit anna skulefag. Etter fire år vel du sjølv om du vil studere på heiltid det siste studieåret, eller om du vil fortsetje på deltid (då vert utdanninga over seks år). Alternativt kan du søke opptak til eit toårig masterprogram under føresetnad av at du tilfredsstiller eventuelle opptakskrav.

Studieprogresjonen vil i dei fire fyrste åra ligge på 3/4 av full progresjon, det vil sei at du tar 45 studiepoeng kvart av dei fire fyrste åra (eit heiltidsstudium legg opp til 60 studiepoeng i året). Dei siste 60 studiepoenga vel du om du vil ta over eitt eller to år. Utdanninga vil vere ein kombinasjon av samlingar på HVO, nettundervising og praksisperiodar. I fyrste studieår er det planlagt tre samlingar i semesteret (kvar samling er på tre dagar), og to faste dagar kvar veke med «liveundervising» via internett. Det vert også praksisperiodar, der studentane må vere i praksis heile veker (totalt 30 dagar praksis fyrste studieår).

       

I utdanninga er det fokus på praksis, fagkunnskap og pedagogikk, og på å knyte desse tett saman. Og som student skal du i løpet av det fireårige programmet opparbeide deg faglege og fagdidaktiske kunnskapar i faga som inngår i utdanninga, og kunnskap om faga både som skulefag og som forskingsfag. Du skal kunne leggje opp ei tilpassa undervisning som kan vidareutvikle elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i å kunne lese, rekne, uttrykke seg munnleg og skriftleg og bruke digitale verktøy i og på tvers av fag.

Den enkelte student vil få tett oppfølging frå faglærarane gjennom fire år på grunnskulelærarutdanninga 1-7, og ein vil oppnå ei god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar, og det vert lagt vekt på å knyte praksisfeltet og faga tett saman.

       

Grunnskulelærarutdanning 1–7 kvalifiserer i fyrste rekkje for å arbeide som lærar i barneskulen. Utdanninga kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrker som til dømes med pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor. Under føresetnad av dine val i utdanninga har gitt nødvendig fordjuping, kan studentane i fjerde studieåret alternativt ta til på eit toårig masterprogram i Undervisning og læring.

I det siste studieåret vil det vere moglegheit for å ta eit semester i utlandet, ved ein av HVO sine mange samarbeidsinstitusjonar. Det er også moglegheit til å søke om å få ta ein praksisperiode i skular som HVO har avtale med i Spania og Norden. 

 
Kontakt: Studieleiar Oddvar Aalde | 70 07 53 53 | Oddvar.Aalde@hivolda.no