«Kunnskap for framtida»

Norsk foreining for kognitiv lingvistikk

NORKOG er den første norske foreininga for kognitiv lingvistikk, og ein møtestad for lingvistar og andre som er interesserte i dette teoretiske rammeverket. Sentrale kjenneteikn ved kognitiv lingvistikk er at ein ser språk og språkbruk i lys av generelle kognitive evner, ein legg stor vekt på beskriving av tyding og ein går ut ifrå at språkbruk er viktig for å forstå korleis språksystemet er bygt opp.

Norwegian Cognitive Linguistics Association

NORKOG arrangerer Kognitivt sommarseminar, som er ein viktig møteplass for kognitive lingvistar i Noreg. Seminaret blir arrangert annakvart år, og alternerer med konferansen til The Scandinavian Association of Language and Cognition (SALC), som er den nordiske systerorganisasjonen til NORKOG.

NORKOG blei skipa på Kognitivt sommarseminar i Tromsø i 2008, då deltakarane blei einige om at det var på tide å formalisera eit nettverk for kognitivt orienterte lingvistar i Noreg. Målet er å gjera det lettare for oss å dela informasjon om relevante aktiviteter, og å halda kontakten med kvarandre. I tillegg ønskjer vi å bidraga til lingvistisk terminologibygging på norsk.

NORKOG er affiliert med International Cognitive Linguistics Association (ICLA), og vi ønskjer på denne måten å knyta oss til utanlandske forskingsmiljø. Ein av styrkane til kognitive tilnærmingar er at dei femnar breitt, og dette vil vi skal vera synleg i vår organisasjon.

Kontakt oss

Ta kontakt dersom du har spørsmål eller tips om aktuelle faglege aktivitetar.

Medlemsskap

Medlemskap er gratis og uforpliktande. Alle medlemmer er også medlemmer av e-postlista til NORKOG. For å bli medlem, ta kontakt med Tor Arne Haugen