«Kunnskap for framtida»

BARNEHAGELÆRARUTDANNING I VOLDA

BACHELORSTUDIUM (180 STUDIEPOENG)

Frå hausten 2013 erstatta barnehagelærarutdanninga den tidlegare førskulelærarutdanninga over heile landet.

Det er stort behov for kvalifiserte barnehagelærarar i dagens samfunn. Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er førskulelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Etter gitte retningsliner gir Barnehagelærarutdanninga grunnlag for opptak til Masterstudiet i undervisning og læring ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterutdanningar.

 

Barnehagelærarutdanning  bachelorstudium heiltid over tre år (180 studiepoeng):
Høgskulen i Volda tilbyr heiltidsstudium i barnehagelærarutdanning kvart år.

Barnehagelærarutanning bachelorstudium deltid over fire år (180 studiepoeng): Høgskulen i Volda har dei siste åra jamleg starta deltidsutdanning over fire år. For hausten 2013 er Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, deltidsutdanning over fire år,  lyst ut med oppstart i november. 

Les meir i studiekatalogen.
                                                                                          

Les om fjernundervisning på  deltids Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning via Adobe Connect.

Lov om barnehagar
Rammeplan for barnehagen
Temahefte - rammeplan for barnehagen 

Kontakt:
Studieleiar Elisabeth Welle | 70 07 54 50 | elisabeth.welle@hivolda.no Praksiskonsulent Hanne Elin Harnes | 70 07 54 39 | harnesh@hivolda.no