«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Samfunnskontakt

Kontor for samfunnskontakt vart oppretta 1. mars 2015 og omfattar tilsette og aktivitetar som tidlegare var knytt til Informasjonskontoret, Kurs-, etter og vidareutdanning og FoU-kontoret.

Adresse: Samfunnskontakt, Postboks 500, 6103 Volda
E–post: samfunnskontakt@hivolda.no
Kontor: 3. etasje i Berte Kanutte–huset

>> Ressursside for presse og media 

TILSETTE VED kontor for samfunnskontakt:

Johann Roppen - Leiar (konstituert fram til 1. august)
Per Arne Brandal – Avløysande (stedfortredende) leiar
Ann Karene Rasmussen – Rekrutteringsansvarleg
Tor Mikalsen – Vev-ansvarleg
Tone Solhaug – Grafisk 
Torill Sølvi Engeset – Rådgjevar
Eirik Bech – Rådgjevar (EVU)
Geir Tangen – Rådgjevar (FoU)
Tina Kjensli Dyrseth – Informasjonskonsulent (vikar) 

 
Oppgåver som ligg til Kontor for samfunnskontakt:

  • Strategisk rolle: Kontor for samfunnskontakt har eit overordna ansvar for utvikling av høgskulens kommunikasjonsstrategi og for høgskulens kommunikasjon med samfunnet.
  • Studentrekruttering: Bidra i planlegging, utføring, gjennomføring og evaluering av studentrekruttering.
  • Nettsidene og sosiale media: Overordna redaktøransvar, rettleiing og opplæring i kommunikasjon i relevante kanalar.
  • Trykte media: Forvalting av grafisk profil, rettleiing ved bestilling og utforming av annonsar, produksjon og rettleiing ved produksjon av trykksaker, redaksjon av magasinet Meir!
  • Hendingar (messer, konferansar, seminar og andre event): Støtte til gjennomføring av interne og eksterne arrangement for studentrekruttering, FoU og profilering av HVO.
  • Profilering: Produksjon av og rettleiing i bruk av profileringsartiklar.
  • Mediekontakt: Rettleiing i kontakt med media, utarbeiding av pressemeldingar og pressekonferansar, kartlegging av medieomtale av HVO.
  • Kurs-, etter og vidareutdanning: Utvikling av kurstilbod, planarbeid, gjennomføring av kurs, konferansar, budsjett med meir.
  • Forsking og utvikling (FoU):  Samordning av prosjekt- og søknadskoordinering og forskingsgrupper, publisering, forskingsformidling og Forskingsdagane.

Høgskulen i Volda driv sitt informasjonsarbeid i samsvar med statleg kommunikasjonspolitikk.

Dei tilsette finn også gode ressursar på våre interne sider (krev innlogging).


Nyheitsarkiv | Organisasjon | Styringsdokument |