«Kompetanse for framtida»

Godt opptak

Publisert: 19.07.2017 11:00 av Veronica Kvalen Pilskog

Det ser også i år ut til å gå mot eit godt opptak for Høgskulen i Volda.



– Vi har sendt tilbod til 1.442 søkjarar i Samordna opptak, fordelt på 35 studium. Dette er ein auke samanlikna med i fjor. I tillegg har vi god søking i lokalopptaket, seier studiedirektør Gonnie Smit.  

Høgskulen i Volda har også i år ein ytterlegare auke i søkinga til sosialfaga, og det gjeld både barnevernspedagog- og sosionomutdanninga. Dette har ført til heva karaktergrense og ei dobling av talet på søkjarar som er på venteliste. Friluftslivsstudia ved høgskulen er også populære og kan vise til høge poenggrenser. Mediefaga har som tidlegare år gode søkartal. Det er ventelister ved alle desse utdanningane. 

– Vi har også gitt fleire tilbod på grunnskulelærarutdanninga 1-7 enn i fjor. Dette er veldig gledeleg ettersom grunnskulelærarutdanningane no er integrerte masterutdanningar med 4 som karakterkrav i matematikk, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 

Godt lokalopptak

Høgskulen kan vise til eit godt lokalopptak, både på nett- og masterstudium. I år er det 250 fleire som har takka ja til ein studieplass. Mellom anna nettstudia i historie, engelsk, skuleretta samfunnsfag, matematikk og RLE hatt ein auke samanlikna med i fjor. Også har mange takke ja til å studere spesialpedagogikk, både som masterpåbygging og som vidareutdanning. Master i samfunnsplanlegging og leiing og den nye engelskspråklege Master in Media Practices kan også vise til gode søkartal og vil få eit høgt studenttal. På praktisk-pedagogisk utdanning hadde vi over 740 søkjarar og vi har gitt rekordtal med tilbod og reknar med eit stort studenttal.

 

– Det er svært gledeleg at stadig fleire vel å vidareutdanne seg ved Høgskulen i Volda, seier Jacob Kjøde jr.

Framleis ledige studieplassar

Høgskulen i Volda har ledige studieplassar på nokre bachelor- og yrkesutdanningar, årsstudium, og vidareutdanningar. Oversikt over dei ledige studieplassane finn ein her.