«Kompetanse for framtida»

Nytt mediehus: – Ros for romprogram

Publisert: 30.06.2017 10:15 av Per Arne Brandal

Styringsgruppa for nytt mediehus med kultursal og kino hadde møte i Volda onsdag 28. juni. – Statsbygg gav høgskulen ros for å spele inn eit godt gjennomtenkt og spenstig romprogram, seier HVO-direktør og leiar i styringsgruppa Jacob Kjøde jr.

Det nye mediehuset, som også skal innehalde kommunal kultursal og kino, er planlagt ferdig til studiestarten hausten 2020.

Styrke Høgskulen i Volda

Det nye bygget vil styrke Høgskulen i Volda (HVO) sin posisjon nasjonalt og internasjonalt som ein livskraftig, vital og offensiv aktør innanfor eit breitt spekter av medieutdanningar. Huset skal innehalde alle mediefaglege aktivitetar med redaksjonslokale, kontor, radio- og fjernsynsstudio og andre produksjonsfasilitetar for ulike typar formidling.

Styringsgruppa

Arbeidet med bygget er leia av ei styringsgruppe med representantar frå Statsbygg, HVO, Volda kommune og studentane.

Mediebygg_styingsgruppe_juni_2017_620.jpg

Styringsgruppa samla på tomta for nytt mediehus og kulturhus i Volda. Frå venstre: dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dekan Aud Folkestad, høgskulelektor Odd Helge Mjellem Tonheim, dekan Odd Ragnar Hunnes, overingeniør Margrete Apelseth, student Nikolai Flisnes, prosjekteigar Statbygg Lars Prestegård, IT-sjef Stig Flåskjer, prosjektleiar Statsbygg Tore Berg, driftssjef Leif Roar Strand, rådmann Volda kommune Rune Sjurgard, direktør SiV Jan Henning Egset, varaordførar Volda kommune Fride Sortehaug og høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 

HVO sitt romprogram

– No nærmar prosjektet seg avslutninga av det vi kan kalle «romprosjektfasen» der målet er å arbeide fram eit realistisk romprogram som lar seg gjennomføre innanfor dei økonomiske rammene som ligg føre. På styringsmøtet la ei arbeidsgruppe under leiing av dekan ved Avdeling for mediefag Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fram eit grundig og gjennomtenkt romprogram for HVO sin del i det nye huset. Innstillinga fekk gode tilbakemeldingar frå Statsbygg, seier direktør Jacob Kjøde jr. 

Rekalkulering

Då Statsbygg fekk dei første planane for eit nytt mediehus i Volda, såg dei føre seg eit hus med mange spesialfunksjonar som til vanleg fører til ein relativt høg kvadratmeterpris.

– Det bygget vi ser føre oss i dag inneheld svær få slike spesielle funksjonar. Vi er difor glade for at Statsbygg no seier at dei vil gjere ei rekalkulering som vi vonar vil føre til ein lågare kostnad, seier høgskuledirektøren.

Neste fase

I løpet av hausten vil Statsbygg sende prosjektet inn i neste fase der eksterne konsulentar vil utarbeide skisser for bygget mellom anna basert på romprogramma frå HVO og Volda kommune. Desse skissene vil danne grunnlag for å lyse bygginga av huset ut på anbod hausten 2018.

Les også: