«Kompetanse for framtida»

Her er den nye høgskuleleiinga

Publisert: 22.06.2017 15:30 av Per Straume

Det er no klart at Karen Lomeland Jacobsen tek til som direktør ved Høgskulen i Volda frå 21. august 2017.

RJG_620.jpg
Rektor Johann Roppen (f.h), høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen og prorektor Jens Standal Groven utgjer den nye høgskuleleiinga frå 21. august 2017.

Onsdag var Lomeland Jacobsen innom høgskulen for å møte rektoratet, leiarar i fellesadministrasjonen og på avdelingane og presentere seg sjølv. Ho gav uttrykk for at ho ser veldig fram til å ta til i jobben på seinsommaren.

Jacob Kjøde sluttar som høgskuledirektør 31. juli, frå 1. august og fram til Lomeland Jacobsen er på plass vil økonomidirektør Ingunn Welle fungere som høgskuledirektør.

Kjøde vil halde fram ved høgskulen i eit engasjement der han skal arbeide vidare med utvikling av campus.

Les meir om den nye direktøren og tankane hennar om jobben her.