«Kompetanse for framtida»

Vil hjelpe journalistar med ny teknologi

Publisert: 16.06.2017 13:00 av Per Straume

Saman med Universitetet i Bergen skal Høgskulen i Volda vere med på å utvikle framtidas digitale verktøy til bruk for journalistar.

INJECT-620.jpg

Saman skal dei to institusjonane prøve å lage verktøy for statistikk og visualisering for journalistar. Det skal vere eit oppsett som koplar norske lokale og nasjonale nyheitsmedier på statistiske kjelder som til dømes Statistisk sentralbyrå, og visualiserer resultatet for journalisten.

Med på laget er også lokalavisene Hordaland (Voss), Sunnhordaland (Leirvik) og Hallingdølen (Ål) som skal teste ut prototypane som vert laga og utviklingsselskapet M`Labs frå Bergen.

Utfyller kvarandre

Professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Lars Nyre, leiar prosjektet og har fått med seg førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda (HVO), Ana Luisa Sanchez Laws, inn i prosjektet. 

– Når vi skulle samarbeide med ein annan institusjon i Noreg om teknologiutvikling for journalistar var Høgskulen i Volda det opplagde valet for oss. Det er eit stadig sterkare miljø i Volda på både datajournalistikk og design, seier Nyre, før Laws fullfører:

– Universitetet i Bergen er flinke på det akademiske og forsking på datajournalistikk, medan vi i Volda stiller sterkt på anvendt datajournalistikk.

Lokalavisene viktige

At det var lokalaviser som skulle få vere med i prosjektet og hauste frukter av det var heller ikkje eit tilfeldig val.

– Vi håper å kunne utvikle noko som ikkje finst frå før, og som kan verte nyttig. Lokalaviser stiller gjerne svakt med tanke på teknologi, og bruker ofte store summar på dei verktøya dei abonnerer på. Vi ønsker å motverke det og heller la dei kjøpe billegare lisensar på verktøy frå vårt prosjekt. Det er med hensikt at vi ikkje har valt ut redaksjonar som er eigd av store selskap som Schibsted, Amedia og Polaris, seier Laws og Nyre.

Konkurrerer med Silicon Valley

UiB fekk innvilga 500 000 kroner frå Rådet for anvendt medieforskning til prosjektet, i tillegg har Laws fått 70 000 kroner i såkornmidlar frå HVO. Prosjektet starta opp 1. januar 2017 og held fram til 30. juni 2018.

– Det er sjølvsagt stor risiko med eit slikt prosjekt. Det er ikkje sikkert ein klarer å vere konkurransedyktige, men om vi lukkast vil det vere nyttige verktøy for journalistar, seier Nyre.

– Samstundes er dette også entreprenørskap, det skal vere med på å stimulere til utvikling av journalistikken. I staden for å ringe til Silicon Valley å høyre kva dei har å tilby, kan vi utvikle kompetanse og produkt i Noreg, seier Laws og Nyre og er offensive i konkurransen med teknologigigantane i California.

EU-prosjekt

Prosjektet er ein del av «INJECT – Innovation Journalism. Enhanced Creativity tools», som er eit EU-prosjekt i Horizon 2020. Det er ikkje eit klassisk EU-forskingsprosjekt, men eit utviklingsprosjekt som ligg under «Innovation Action» i Horizon 2020. I tillegg til delprosjektet som HVO er med i, skal INJECT også utvikle prototypar til digitale verktøy i fire andre kategoriar som til saman skal understøtta eit eller fleire trekk ved arbeidsprosessen til journalisten frå idé til publisering.

Les meir om INJECT Noreg her.

I tillegg til UiB og HVO er også universitet frå England, Tyskland, Nederland, Frankrike og Hellas representerte i prosjektet.