«Kompetanse for framtida»

Ny direktør ved Høgskulen i Volda

Publisert: 15.06.2017 15:05 av Per Straume

Høgskulestyret har i styremøte 15. juni 2017 fatta vedtak om å tilby Karen Lomeland Jacobsen (40) stillinga som høgskuledirektør.

KarenLJ_620.jpg

Jacobsen bur i Volda og arbeider no i HELFO. Ho har tidlegare hatt ei rekkje leiarstillingar i bank og forsikring. Noverande direktør Jacob Kjøde jr har vore direktør sidan 2001. Økonomidirektør Ingunn Welle fungere vil fungere som direktør frå 1. august 2017 og fram til ny direktør er på plass.