«Kompetanse for framtida»

Høgskulen i den nasjonale satsinga «Kompetanse for mangfald»

Publisert: 15.06.2017 08:55 av Per Straume

Tysdag 13. juni vart det nasjonale skule- og barnehagebaserte utviklingsprosjektet «Kompetanse for mangfald i Møre og Romsdal 2016-2017» avslutta med ein konferanse for alle deltakarane.

Kompetanse for mangfold
Om lag 70 deltakarar deltok på sluttmarkeringa for «Kompetanse for mangfald»

Dette var eit eittårig kompetanseløft som vart sett i gang av Utdanningsdirektoratet. Formålet var å auke kompetansen for arbeid med språkleg og kulturelt mangfald i alle delar av utdanningssystemet slik at born, elevar og vaksne med minoritetsbakgrunn får eit tilbod som gir godt læringsutbyte.  

Høgskulen i Volda har hatt det faglege ansvaret og Fylkesmannen det administrative. Tre kommunar og i alt 18 barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og vaksenopplæring har deltatt. Frå HVO har Sofie Emilie Holmen, Kristin Gangstad, Gunnhild Bergset, Birgitte Fondevik og Randi Myklebust (Institutt for pedagogikk og Institutt for språk og litteratur) følgt opp barnehagane og skulane med faglege innlegg og rettleiing.

Dette arbeidet har vore retta inn mot alle dei tilsette i verksemdene, som har arbeidd med utvikling av felles fagleg forståing og praktisk utprøving med utgangspunkt i ulike tema og problemstillingar. Eksempel på tema som verksemdene valde å ha fokus på, er «Språkleg og kulturelt mangfald som ressurs», «Samarbeid med foreldre med fleirspråkleg bakgrunn», «Ein ressursorientert skule», «Lesing og skriving når norsk er andrespråket» og «Ordforråd- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv».   

 Kompetanse for mangfold
Frå venstre Sunil Loona (NAFO), Randi Myklebust (HVO), Sofie Emilie Holmen (HVO), Gunnhild Bergset (HVO), Kristin Gangstad (HVO), Birgitte Fondevik (HVO), Sissel Henriksen (Fylkesmannen) og Bodil Grindvik Uri (Fylkesmannen).

Om lag 70 deltakarar deltok på sluttmarkeringa, som vart halden i Ålesund. Deltakarane fekk innblikk i eit breitt spekter av aktivitetar som har gått føre seg i dei ulike skulane og barnehagane. Engeset barnehage, Øyra skule og Ørsta vidaregåande skule sørga for ei meir inngåande presentasjon av ulike løysingar på kompetansehevinga.

Sunil Loona frå Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring NAFO, heldt eit innlegg der han diskuterte migrasjon og mangfald i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv. Fylkesmannen avslutta konferansen med ei oppmoding til alle om å halde fram med det gode arbeidet på det fleirkulturelle feltet.