«Kompetanse for framtida»

Stor interesse for spesialundervisning

Publisert: 14.06.2017 15:25 av Per Straume

Store auditorium var proppfult då forskarane bak forskingsprosjektet SPEED (The Function of Special Education) tysdag arrangerte dagsseminar og lanserte boka som er eit resultat av prosjektet.


Sjå heile seminaret i videoen over.
Programmet for seminaret.

Så mange fatta interesse for seminaret at det var venteliste for å kome med. Det trakk mange deltakarar frå regionen rundt Volda, men også nasjonalt.

Det sette dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, stor pris på då han opna seminaret:

– Det er gledeleg at det er så stor interesse. Det har også vore stor interesse for prosjektet både nasjonalt og internasjonalt, og forskarane i prosjektet har delteke på fleire forskingskonferansar i både inn- og utland.

– Bør bry seg meir

SPEED er eit forskingssamarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskulen i Innlandet om spesialundervisning i grunnskulen. Forskarane har prøvd å finne ut av kva spesialundervisning handlar om, og kva funksjon den har. Dei har sett spesielt på faga norsk og matematikk. I arbeidet har dei studert 2700 elevar frå 5. til 10. trinn i 29 skular i to mellomstore kommunar, der 200 av elevane har fått spesialundervisning. I delar av prosjektet har i tillegg 14 000 andre elevar, av dei 800 med spesialundervisning, vore med på å danne datagrunnlaget.

Les meir om SPEED-prosjektet her.

I følgje opplæringslova § 5.1 skal elevar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa få tilbod om spesialundervisning. Peder Haug, professor i pedagogikk ved HVO, har leia prosjektet. Han meiner at så mange som ein tredel av elevane ikkje passar inn i den norske skulen i dag. Samstundes er det 7,9 % av elevane som får spesialundervisning.

– Det er eit enormt gap, men det er ikkje dermed sagt at alle desse elevane bør få spesialundervisning. Regelverket knytt til spesialundervisning er godt, men problemet er at det ikkje vert følgd. Ordførarar og rådmenn burde bry seg meir om korleis barna har det i skulen, spesielt dei som treng litt meir hjelp. Dei burde bry seg like mykje om det som om å legge ny asfalt. Barna i skulen er framtida vår, sa Haug til dei frammøtte.

phaug1_620.jpg
Professor Peder Haug framfor dei 200 deltakarane på seminaret.

Manglande samanheng

Haug legg stor vekt på at den ordinære opplæringa er like så viktig som spesialundervisninga. Dei elevane som har 30 timar i skulen i veka og får spesialundervisning har spesialundervisning i gjennomsnitt sju timar i veka, medan dei resterande 23 timane er ordinær opplæring.

– Det er ein manglande samanheng mellom ordinær opplæring og spesialundervisninga. Kunnskapen om spesialundervisning må vere i den ordinære opplæringa, og kunnskapen om den ordinære opplæringa må vere med i spesialundervisninga.

HVO-professoren la også vekt på at utvelginga av kven som skal få spesialundervisning er for tilfeldig. Og når elevane først får spesialundervisning vert det stilt for låge krav og forventningar til dei av lærarar, men også elevane sjølve. Dei får eit «stempel» på seg, som Haug meiner er uheldig og hindrar utviklinga deira. Spesialundervisninga er også for instrumentell ifølge Haug, og han peiker då på at elevane vert forklart kva dei skal gjere, men ikkje kvifor.

– Elevar som får spesialundervisning i matematikk, har mindre gunstig utvikling over eitt år i faget enn dei som også strevar i faget og får ordinær undervisning, fortalte Haug.

Universelt ansvar i skulen

Etter å ha arbeidd med SPEED-prosjektet sidan 2012 ser forskarane at det også er ein del utdanningspolitiske utfordringar. Lærarar flest treng mykje meir innsikt i det å arbeide med det store mangfaldet av elevar som er i skulen, ei utfordring for skuleeigarar og for lærarutdanninga.

 – Spesialundervisninga sviktar hensikta si i mange skular. Enkelte elevar får god støtte, utvikling og hjelp til læring, for nokon har spesialundervisninga ikkje noko å seie i det heile teke, medan for andre er spesialundervisninga negativ effekt. Måten skulen arbeider på med elevane som får spesialundervisning, fungerer totalt sett ikkje tilfredsstillande. Difor er det kanskje ei løysing om ansvaret for læring vart universelt i skulen og ikkje knytt til spesielle vedtak eller spesielle formelle ordningar, strukturar eller personar som i spesialundervisninga, meiner Haug.

Suksesshistorie

Haug trakk fram Skarbøvik ungdomsskole i Ålesund som eit døme der ein har lukkast med fleire av utfordringane knytt til spesialundervisning. Rektor ved skulen, Vidar Åkre, var til stades under seminaret tysdag og kom med nokre betraktningar rundt deira endringar. I skuleåret 2012-2013 brukte dei om lag 7500 arbeidstimar til spesialundervisning, medan talet i dag er rundt 3000.

– Tidlegare forventa vi ikkje noko anna av lærarane i spesialundervisninga enn at dei skulle klare å halde elevane stille, sa Åkre og sette det litt på spissen.

Dei nytta dei same undervisningsmetodane i spesialundervisninga som i den ordinære undervisninga, men i spesialundervisninga var oppgåvene enklare og færre.

– Gapet mellom dei som fekk spesialundervisning og dei som fekk ordinær undervisning vart berre større og større. Elevane som hadde spesialundervisning opplevde meistring, men det var på grunn av at dei arbeidde med noko dei kunne frå før, og fekk då ingen framgang, fortalte Åkre.

skarb1_620.jpg
Rektor ved Skarbøvik Ungdomsskole fortalte om deira erfaringar med spesialundervisning og grepa dei har gjort for å verte betre.

Heva alle elevar

Han opplevde at dei hadde for låg spesialpedagogisk kompetanse ved skulen og at kollegiet samla måtte få eit endra syn på spesialundervisning og elevane som hadde behov for det.

Det har dei no utvikla og i staden for spesialundervisning i grupper eller einskildvis går no det meste av all undervisning føre seg samla i klasserom ved Skarbøvik ungdomsskole. Dei har oppretta eit eige spesialpedagogisk team som tek i saker med ein gong og ein er samla om kva undervisningsmetodar ein skal bruke.

– Vi har tatt med oss dei metodiske tilpassingane inn i klasserommet, så dei gjelder for alle. Det har heva alle elevane. Vi har no også høge forventningar til alle elevar og lærarar i motsetning til tidlegare.