«Kompetanse for framtida»

HVO-studentane er framleis best på gjennomføring

Publisert: 09.05.2017 14:50

Tilstandsrapporten for høgre utdanning vart lagt fram 9. mai 2017. Den syner at studentane ved Høgskulen i Volda framleis er i landstoppen når det gjeld å fullføre bachelorgraden på tre år, og tala for Volda blir stadig betre.

Dei siste åra har studentane ved Høgskulen i Volda vore i landstoppen målt etter kor stor del av studentane som fullfører treårig bachelorutdanning på tre år, altså utan forseinkingar. Også i 2016 heldt voldastudentane denne posisjonen.

Andel bachelorkandidatar i eit opptakskull som har gjennomført på normert tid. Opptakskull 2011-2013. Tal for Høgskulen i Volda.

2011-2014: 60 %
2012-2015: 62 %
2013-2016: 65 %

Kjelde: Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017, tabell V2.17.

Gjennomsnittet for statlege institusjonar har dei siste tre åra vore at 46-47 prosent av baceholorstudentane fullfører på tre år.

Høgskulen i Volda har berre Kunsthøgskulen i Oslo før seg på lista over gjennomføringsgrad. KHIO har ein gjennomføringsgrad på heile 76 prosent.

Rektor Johann Roppen er glad for at voldastudentane har fått god og stadig betre fullføring av bachelor dei siste åra. - Vi har lege så høgt i fleire år no at eg ikkje trudde det var råd å bli noko særleg betre, men det har vi klart. Eg trur vi har høg gjennomføringsgrad fordi vi får motiverte studentar som opplever at når dei studerer i Volda så møter dei opne dører og at tilsette er medspelarar i studentane si utdanning.

Det er også viktig at studentane i Volda kan ha råd til å studere på fulltid på grunn av korte avstandar mellom bustader og høgskuleområdet og Volda har også mange studentbustader til låge prisar.

- Eg vil gje ros til studentar, lærarar og adminstrasjon for at dei i fellesskap har bidrege til læring, oppleving og gjennomføring. Dette er viktig for den einskilde studenten. Det er viktig for Høgskulen. Og det er ei kjempeutfordring for norsk høgare utdanning seier faktisk OECD, meiner Roppen.

Når det gjeld masterutdanning så ligg Høgskulen i Volda ikkje så godt an. Også for 2016 var det få masterstudentar som fullførte masterutdanninga si. Dette har også vorte omtala av fagbladet Forskerforum.

- Vi må bli betre på dette området, men vi må også gå bak tala for å vurdere kva det har å bety at mange av våre studentar tek masterutdanning som vidareutdanning i emne som er viktige for jobben deira. Dei er ikkje nødvendigvis opptekne av å ta ei full masterutdanning, seier Roppen og legg til at det blir meir og meir vanleg å ta master, og at det vil på dei fleste fagområde gi kunne gi sikker jobb i framtida.

Les meir om Tilstandsrapporten på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.