«Kompetanse for framtida»

Studentar hjelper samanslåingskommunar

Publisert: 09.05.2017 09:20 av Per Straume

Frå 2020 skal Eid og Selje kommunar slå seg saman. No har studentane ved 1. året i Bachelor i planlegging og administrasjon/Årsstudium i planlegging og administrasjon gjennomført ein studie som ser på aktuelle problemstillingar for kommunane.

eise1_620.jpg
Studentar og tilsette samla i Eid rådhus.

Dei to kommunane har vedtatt å slå seg saman frå 01.01.2020. Samanslåinga var eit sentralt emne for studentane då dei førre veke gjennomførte ein lokalsamfunnsstudie der dei såg nærare på ulike aktuelle problemstillingar i dei to kommunane. Studentane sette fokus på ulike tema og utfordringar for framtida, t.d. innan næringsliv, oppvekstmiljø, kultur, turisme og infrastruktur. 

Møte med kommunen

Onsdag 3. mai møtte 55 studentar og 4 tilsette Eid kommune til seminar om kommunen. Seminaret vart arrangert i Eid rådhus. 

Ordførar Alfred Bjørlo opna seminaret og introduserte kommunen for tilhøyrarane. Seinare gav ordføraren også eit innblikk i utfordringar kommunen står overfor framover basert på alle dei ulike alternativa for samanslåing som har blitt utgreidde i Nordfjordregionen.

eise3_620.jpg
Ordførar Alfred Bjørlo introduserer Eid kommune.

På ein innsiktsfull og fengjande måte gav plan- og utviklingssjef Kristine Dahl ei innføring i korleis Eid praktiserer planlegging i kvardagen, kva dei legg vekt på og kva utviklingspotensiale dei har som kommune.

eise2_620.jpgPlan- og utviklingssjef Kristine Dahl informerer studentane.

Kommunalsjef teknisk og samfunn Elin Leikanger tok i det vidare føre seg planutfordringar innan hennar sektor og viste studentane ganske så originale samanstillingar av ulike, men funksjonelle ansvarsområde. Kommunalsjef helse og omsorg Kari Krogh tok så studentane vidare inn i hennar plan-kvardag med særleg fokus på krava til universell utforming av lokalsamfunnet. Til slutt kom planleggar Cecilie Marie Åshamar på bana med inntrykk frå den svært interessante kvardagen som planleggar, der ingen dagar er like, men alle er spanande. Ho fokuserte innlegget sitt på det å engasjere folket i planprosessar, korleis skape engasjement og medverknad. Under og etter innlegga fekk studentane god tid til å kome med spørsmål og undringar.

Lokalsamfunnsanalysen

Lokalsamfunnsanalysen er eit årleg fenomen om våren første året i bachelorutdanninga ved Institutt for planlegging og administrasjon (IPA). Kvar vår vert nye kommunar utvalde. Etter 12-15 år kjem ein attende til dei same kommunane. Analysen er studentane sin første smak på eit reelt forskingsoppdrag. Lokalsamfunnsanalysen går over fire veker; først ei veke innføring i samfunnsvitskapleg metode, så ei veke til konkret førebuing, deretter ei veke til feltarbeid og ei veke til sluttarbeid. Rapportane frå analysen vert boden til dei aktuelle kommunane i ettertid.