«Kompetanse for framtida»

Får eit av dei største solcelleanlegga i fylket

Publisert: 08.05.2017 16:00 av Per Straume

Arbeidet med å få på plass 570 solceller som kan produsere 100 000 kilowattimar med straum per år på taket av Berte Kanutte-huset er no i gang.

solcelle_620.jpg

Dei 570 solcellene som skal koplast saman vil dekke om lag 1000 kvadratmeter, og skal monterast både på nord- og sørsida av taket. Statsbygg eig Berte Kanutte-huset har arbeidd med å få til dette i eit par år, og driftsleiar i Statsbygg, Frank Lande, ser fram til å få det ferdigstilt.

– Eg veit at det er eit av dei største solcelleanlegga i Møre og Romsdal. Eg trur det er det største, men eg skal ikkje seie det for sikkert, seier Lande.

Tidleg ute

Han fortel at all straumen som vert produsert skal nyttast i Berte Kanutte-huset, og ut i frå forbruket i dag vil det nye anlegget dekke opp mot 10 prosent av energiforbruket i huset.

Ifølge Lande har det vore eit sterkt ønske frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å få til slike anlegg. På landsbasis er det ei målsetting om å få realisert fire slike prosjekt i året.

– Statsbygg er opptatt av grøne avtalar og fornybar energi. Vi har store takflater på bygga våre rundt om i landet og vil på denne måten utnytte det. No blir Berte Kanutte-huset eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket.

Framtidsretta

Ideen til utbygginga kom då ein oppdaga at det var behov for reparasjon av taket på Berte Kanutte-huset for to år sidan. Då lanserte Lande ideen og har arbeidd for å få eit slikt prosjekt til Volda. Etter at ein i løpet av denne veka har fått bygd opp stillas, vert taket reparert, og deretter tek entreprenøren til med å montere solcellene. I løpet av juni skal alt vere ferdig.

– For Høgskulen i Volda og Statsbygg er dette eit godt framtidsretta prosjekt. Det vert snakka mykje om å få til prosjekt der ein produserer deler av sitt eige straumforbruk, og no får vi det til.

solcelle2_620.jpg
Taket på Berte Kanutte-huset vert dekt av solcellepanel slik ein ser på denne visualiseringa.

Kostar 2,5 mill. kr.

Dei som er innom Berte Kanutte-huset vil i framtida kunne følgje med på straumproduksjonen. Det vil verte oppsett ein skjerm ved hovudinngangen til huset, som skal visualisere produksjonen til ei kvar tid.

Utbygginga av sjølve solcelleanlegget vil koste 2,5 millionar kroner. Brorparten av rekninga tek Statsbygg, medan HVO går inn med ein liten sum.

Leverandøren av solcellene har lova at dette er noko som vil leve lenge og som høgskulen kan ha glede av i lang tid.

– Dei garanterer at om 25 år vil produksjonen berre ha gått ned med 10-15 prosent frå den kapasiteten anlegget har som heilt nytt, fortel Lande.

pressefoto

Frank Lande
Skisse av taket